Finnøy Idrettslag får 168.000 i koronastøtte
Ein svært tilfreds dagleg leiar i Finnøy Idrettslag, Ruben Eggebø, kan konstatera at idrettslaget får tildelt 168 000 kroner i kompensasjon for tapte inntekter i samband med koronapandemien. Også Silje Hagen i Mastra IL, er godt tilfreds med den kompensasjonen som laget har blitt tildelt.
- Jon Asgaut Flesjå
FINNØY/RENNESØY:
- Dette er 70% av dei omsøkte midlane på 240 000 kroner som me søkte om, og er slik sett heilt etter det me hadde håpa og forventa, seier Eggebø.,
-Dette vil styrka både likviditeten i idrettslaget betydeleg, men også gjera sitt til at me kan oppretthalda aktiviteten innafor det handlingsrommet som smittevernreglane gir oss. For det er ikkje til å leggja skjul på at koronapandemien kom på det verst tenkelege tidspunkt for idrettslaget, ettersom me nettopp hadde ferdigstilt det nye klubbhuset på Leikvoll til ein kostnad på over 10 millionar kroner.
Difor var me veldig spent på kva konsekvensar det ville få for drifta av idrettslaget, all den tid store og viktige inntekstkjelder som Tomatfestivalen og Griegløpet falt bort i år. Og det er nettopp dette bortfallet, saman med tapte inntekter frå utleige av det nye klubbhuset, som dannar grunnlaget for søknaden, og for den kompensasjonen me no fekk tildelt frå Kulturdepartementet, legg ein svært tilfreds dagleg leiar til.
-Mastra IL også tilfreds.
Også kollega og dagleg leiar i Mastar IL, Silje Hagen, er godt tilfreds med dei midlane som klubben no fekk tildelt i søknadsomgang to. Ho meiner det gir eit godt grunnlag for å halda oppe aktiviteten i klubben på det nivået som dei nasjonale smitteverntiltaka gir rom for. Den nytilsette daglege leiaren opplyser også at laget fekk tildelt 110 000 kroner i denne søknadsrunden, og at dette samne med kr 25 000,- frå søkndasomgang ein, gir eit godt grunnlag for å oppretthalda aktiviteten.
-Det er berre eit par arrangement som me kunne ha gjennomført som kunne ha gitt oss ytterlegare inntekt i eit normalår. Men det klarer me greit å leva med så langt, seier Hagen.,- No får me berre håpa at aktiviteten blandt seniorane også kan starta opp som normalt -så snart som muleg, avsluttar ho.
-Nesten vanleg aktivitet
-Men korleis er status for aktiviteten i idrettlaget med utgangspunkt i dei smitteverntiltaka som gjeld?
-Eg er veldig glad for at barne- og ungdomsfotballen fekk starta opp med både trening og kampar no i haust. Det same har både turnen blandt dei minste og aktivitetane i den populære klatreveggen i hallen, held Ruben Eggebø fram.
Men volleyball blandt både ungdom og vaksne har blitt veldig populært. Og ettersom dette ikkje er ein kontaktidrett, kan den drivast på tilnærma normal vis.
Så då er det eigentleg berre seniorfotballen som ikkje kan ha vanleg trening og avvikla kampar i vår klubb. Men også der driv me etter dei smitteverndirektiva som gjeld, påpeikar Eggebø.
Han vil også rosa heile trenar- og instruktørapparatet i klubben for å ta dette med smittevern på det høgste alvor og etterleva det.