7. klasse på Finnøy sentralskule har skrive årets 17. mai-tale på Finnøy.|Elin Hesby i 17.mai-komiteen med premiane som skal gå til innslaga i kortesjen på Finnøy.

FINNØY-RENNESØY:

Ei vipe, ein hakkespett og ein fisk laga av skeier er å finna på premiebordet for dei beste innslaga i kortesjen på Finnøy. Dei tre blenkjande gevinstane er alle laga av spiseskeier, av finnøybuen Steinar Mjølsnes.,

Elin Hesby i 17.mai-komiteen med premiane som skal gå til innslaga i kortesjen på Finnøy. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Programma for dei ulike øyane ser slik ut:

Finnøy:

Flaggheising på Judaberg.

10.50: Kransnedlegging ved Agaut Regelstad sitt minnemerke ved Henrik Halleland.

11.00. Familiegudsteneste i Hesby kyrkje

11.30: Samling for kjørtøykortesje på ferjekaien. Det blir loddsalg salg av kioskvarer frå handlekorger lånt på Coop'en.  Lokale musikarar spelar opp.

12:00: Synging av "Ja, vi elsker".

12.30: Avgang kjøretøykortesje. Ruta blir Lauvsnes, Mjølsnes, Landa, Hesby, Steinnesvåg, Vignes, Ladstein, Reilstad og tilbake til Judaberg. Premiar laga av Steinar Mjølsnes til ulike innslag i toget.

Sjernarøy:

Bilkortesje frå Nord-Talgje til skulen 11.30. Song og musikk av Hanne Vasshus og Nils Trygve Hauge før avgang frå den store parkeringsplassen, som også blir brukt til jerninnsamling, på Nord-Talgje. Kortesjen skal køyra til oppvekstssenteret.

Premiering av det best pynta kjøretøyet, og det beste biletet på Instagram.

Talgje:

Traktorkortesje over øya klokka 12, med start frå hurtigbåtkaien. Salg av is og kioskvarer.

Halsnøy:

Aktivitetsløype med utgangspunkt frå bedehuset mellom 11 og 13. Løypa er lagt opp for både store og små med tipping, konkurranse og natursporing som aktivitetar. Dessutan blir det premiering av det beste pluss det mest morsomme bildet frå dagen. Vêrforbehold når det gjeld aktivitatene.

Fogn:

Bilkortesje frå ferjekaien, med øyas brannvogn i spissen. Basar som startar før 17.mai, digital underhaldning, kringkasting av tre talar, tale for dagen-talen av Arnt-Olav Klippenberg, barnas tale og taleni frå kyrkja. Det blir utdeling av godteposar til barna og aktiviteshefte.

Vikevåg:

Musikkkorpsa marsjerer gjennom byggefeltet og til helse- og omsorgssenteret i Prestvågen.

Mosterøy:

Kjøretøykortesje frå rundkjøringa på Vaula, start 09.30. Kortesjen køyrer rundt Askje med slutt på Kiwi'en. Mosterøy skolekorps og Voksenkorpset spelar ved Aksje marina. Premiering av beste innslag i kortesjen.