Folka frå Statens vegvesen fann ikkje noko å setja fingeren på under kotrollen på Finnøy mandag føremiddag.

FINNØY:

Ti bilar blei undersøkt i løpet av den knappe timen kontrollen pågjekk, opplyser seniorinspektør John Østråt i Statens vegvesen til Øyposten.,

-Me såg spesielt etter sikring av last på tak og hengar, og det såg veldig bra ut. Nokre av bilistane er veldig flinke, seier Østråt, som ikkje fann nokon feil å merkja denne gongen.