FINNØY:

Det er prosjektleiar for både Grieg-bygget og Faa Brygge, Asgeir Ladstein i Ladstein Bygg, som opplyser dette til Øyposten.- Dette er eit skikkeleg anisktløft for HEILE Judaberg sentrum, meiner Ladstein, som også- så langt, er godt tilfreds med både salet av båtplassar like sør for trafikkterminalen, og salet av leilegheiter i det nye bustadkomplekset som også skal førast opp i eit 1. byggetrinn.,Betongelementa til det som skal utgjera sjølve grunnplanet, og som omfattar både brannstasjonen, kaianlegg for ambulansebåten og næringslokalar, er alt påbegynt. Det same er ein stor del av dei til saman 38 parkeringsplassane for både eigarane av leilegheitene, og til dei som kjøper seg båtplassar i den nye båthamna like nedanfor.,-Etter planen skal det første byggetrinnet vera ferdigstilt i mai neste år, opplyser prosjektleiar, Asgeir Ladstein, i Ladstein Bygg AS.,

Høgteknologi på øvste nivå

Men for dei som jamnleg kjøyrer til og frå trafikkterminalen på Judaberg, og elles oppheld seg i sentrum, registrer ein også at det går mot "deadline" og ferdigstilling av det mykje omtala Grieg-bygget på dei gamle tuftene til den tidlegare doktorbustaden.

-Dette er avanserte og flotte greier, smiler ein stolt byggeleiar. Han gler seg storleg over dette flotte signalbygget midt i sentrum av Judaberg, som også blir sjølve kommando- og styringssentralen for storparten av oppdrettsanlegga til oppdrettskonsernet i heile denne region.,-Når det står ferdig og alt er på plass, vil der vera 18 arbeidsplassar lokalisert til dette bygget, opplyser regiondirektør Kjetil Ørnes.

-Og sjølv om ein i praksis kunne ha styrt storparten av anlegga til Grieg Seafood AS i både Finnmark og på Shetland frå ein slik kommandosentral på Judaberg, er nok ikkje det eit mål i seg sjølv, presiserer Ørnes.

-For dette handlar også om lokale og regionale arbeidsplassar knyta til oppdrettsverksemda vår, presiserer den ferske regionsdirektøren frå Halsnøy.,-Ja, dette er høgteknologi på øvste nasjonale nivå av det me har sett så langt, skryt Ladstein. Og meiner at det berre er det nye Atea-bygget på Sola som har teke i bruk meir avansert teknologi til å utføra sine digitale tjenester her i landet, og truleg i heile Europa.

Praktbygg

Han skryt uhemma av både lokale og regionale underleverandørar som har teke denne utfordringa på strak arm, og trur verkeleg at det ikkje berre vil bli eit praktbygg i Judaberg sentrum, men at det også vil gi betydelege synergiar langt utover Finnøy og kommunedelen sine grenser.

Ladstein opplyser også at det vil bli ei omlegging i vegsystemet og nedkøyringa til både den tidlegare MRE-kaien og der administrasjonen til Ryfylke Grave og Sprengningsservice nå held til, ettersom det vil bli etabler ei felles innkjørsel like ovanfor Faa Brygge og det nye Grieg Bygget.

- Og så er nå han Gordon (Sunde) som har teikna bygget eit unikum i seg sjølv, legg arbeidskollega i Ladstein Bygg AS, Magnar Emil Eggebø, avslutningsvis til.