Jarle Bø (sp), medlem av fylket sitt samferdselsutval meiner det nå må tenkjast nytt om Øyfast. (Foto: Rune Nedrebø)

RANDABERG:

Fylkestinget vedtok på desembermøtet å utgreia nærare økonomien i prosjektet:,«

Fylkestinget ber om at det legges frem en orienteringssak for samferdselsutvalget på kostnadsoverslag og mulig finansiering av prosjektet Øyfast. Konkret skal det ses på hvordan ferjeavløsingsmidler og bidrag fra Stavanger kommune kan bidra til finansieringen.»

Men Senterpartiets Jarle Bø meiner det alt nå er klart at det ikkje er nokon mulighet for å finansiera heile prosjektet i ein eingong.

-Det er "kul umulig", det er bare å så på tala. Difor bør difor tenkjast nytt om Øyfast for å koma vidare, seier Bø.

-Meiner du ei delt satsing, kor ein begynner med Øyfast-nord (Sjernarøyane og Ombo)?

-Ja, det kan vera ei mulig løysing. Det står i alle fall heilt klart for meg at å ta alt på ein gong er alt for ambisiøst, det blir veldig vanskeleg når me ser på det øknomiske etterslepet i vedlikehald av fylkesvegar. Senterpartiet skal stå på for Øyfast, men viss ikkje staten aukar bidraget til Øyfast er det bare å sjå realitetane i augene. Då er det mykje betre å begynna ein plass, og byggja prosjektet "stein for stein", seier han.

Øyfast skal binda saman Sjernarøyane og Ombo, og Fogn, Bokn, Byre og Halsnøy med Finnøy.