Brunsneglane har hatt ein tøff vinter.

FINNØY/RENNESØY: Det er Endre G.Ofstad i Miljøavdelinga  hjå Statsforvaltaren i Rogaland som opplyser dette til NRK,Rogaland i dag.,

-Når tela har gått så langt ned i bakken som nå, vil frosten truleg ha teke livet både av levande snegler som har gått i dvale, og egga som sneglen har lagt.Men det vil sjølvsagt vera ein del som overlever.Likevel vil nok både bønder og hageeigarar kunne gleda seg over at snegelen då vil gjera langt mindre skader på både grønnsaker og andre plantevekster til sommaren, trur Ofstad.

Også dei tiltakande flåttplagene i Sør Norge vil truleg bli mindre denne sommaren, ettersom verten for flåtten som både er fuglar og anna vilt, også vil bli utsett for den sterke kulden og at bestanden av flått av den grunn vil gå ned.