Satsar på gammal metode for å fanga makrell

Ivar og Kristian Stang frå Finnøy har satsa på ei modernisert utgåve av den eldgamle metoden med «sitjenot» etter makrell. Metoden er langt meir effektiv enn den gamle, meiner dei to finnøy-fiskarane.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

FINNØY:

Nyleg kom dei tilbake etter å ha fiska etter makrell ved garden Nising i Yrkjesfjorden. Resultatet blei 80 tonn, noko dei seier seg tolleg fornøyd med.,

-Det var ein god del stor og fin makrell, som, me får betre betalt for, seier dei til Øyposten.

Dei siste åra har dei satsa på ein fleire hundre år gammal metode for å fiska makrell, kjent under navnet "sitjenot".  Den er nå modernisert og utvikla slik at han er meir effektiv og mindre arbeidskrevjande enn før.

-Utstyret har me laga sjølv, det er billegare enn å kjøpa det, seier far og son Stang vidare.

Sitjenot var mykje brukt før, og navnet kjem seg av at det blei bygd høge tårn i sjøkanten på land kor fiskarane sat og observerte fisken i det han gjekk inn i nota.

Men med denjh nye metoden blir det ikkje bruk for tårn på land. I staden har dei laga til ein stige på ein av båtane kor dei fylgjer med på fisken i nota. Fordelen er at dei ser inn mot land, og dermed dreg fordel av landskyggen.

-Det er lettare å sjå fisken, seier dei.

Ein anna skilnad er også at fisken går inn i ei mykje større not som gjer at fisken ikkje stikk så fort ut igjen. Dermed kan dei samla meir fisk før dei dreg nota opp.

- Det er viktig at nota er stor nok, for å fanga makrell kan nesten samanliknast med å fanga sauer. Sjølv den minste bevegelse kan få dei på rømmen, seier Ivar Stang.

Nota dei brukar er 52 meter ganger 34 meter, og er seks famnar djup. Det tilsvarer rundt elleve meter. Når det er fem seks tonn i nota, er ho full, og det tar bare tre kvarter å tøme henne med den nye metoden.

Fiske med sitjenot har sine klare fordeler om våren, kor det er nyttelaust å lysa etter fisken.

Sjølve fisket er ein heil vitenskap i seg sjølv, for makrellen er smart. Det betyr at fiskarane må vera smartare, bekreftar Ivar og Kristian Stang. Makrellen har til dømes augene høgt på hovudet slik at han kan fylgja med på det som skjer over havflata. Då skal det ikkje meir enn ein måke til før det blir full panikk i stimen.

-Både flo og fjære spelar inn på fisket. Den beste tida er i fire-tida om morgonen og i sju-tida om kvelden når det er landskugge, seier Kristian og Ivar Stang.

Den gamle metoden med å kasta tallerknar i utløpet av nota viss fisken prøver å røma, høyrer så definitivt fortida til. Fjordbotnen utfor Nising er dekka av gamle tallerknar, blir det sagt.  Nå har fisken så god plass at det er mindre fare for at han stikk av.

Nyleg hadde dei også folk frå fiskerioppsynet på besøk for å studera den nye metoden.

-Denne måten å fiska makrell på blir brukt av fleire i dag. Eg håpar bare at det ikkje kjem for mange reguleringar som gjer oss meir papirarbeid, seier Ivar og Kristian Stang.

Publisert: