Brannvognene i øyane skal koma i hus, er målet til kommunen.

Det har vore ulike løysingar for dei ulike øyane, men nå ynskjer kommunen å få til eit samordna opplegg. Leigeprisen blir foreslått til 1500 kroner m ånaden ved leige av frostfri og tørr plass til brannvognene hos private.,

Dessutan skal det "igangsettes et prosjekt" med mål om å bygge nytt eller leige permanent frostfri garasjeplass for dei fire brannvogene, foreslår kommunedirektør Leidulf Skjørestad i ei sak som skal opp i utvalet for miljø- og utbygging onsdag.

Status for dei fire vognene er denne:

På Fogn vil Fogn Handel Eiendom/Joker Fogn stilla tomt til disposisjon viss kommunen fører opp et bygg til formålet og dekker utgiftene til straum. For 400.000 kroner eks. moms kan kommunen her få tinglyst rett i 30 år. Kommunedirektøren anbefalar dialog om dette.

På Sjernarøy er Sjernarøy Vekst villig til å tilby tomt ved Grendahuset, og kan påta seg å byggja ein frostfri garasje mot ei godtgjerdsle på 7500 kroner per månad. Også her rår direktøren til ein dialog med Sjernarøy Vekst om saka.

På Halsnøy står vogna i dag ute, og her hastar det for kommunen å finna ei løysing.

På Ombo er Ombo Grendahus villig til å byggja ein garasje i Eidssund, og direktøren rår til ein dialog om dette, eventuelt om det kan finnast andre løsyingar.