Næringsområdet på Talgje.

Diskusjonen om kva krav som skal stillast til næringsområdet på Talgje går frisk i Øyposten sine spalter. I Stavanger er det spesielt Høyre som har fronta kva estetiske krav som skal stillast til utbygginga av næringsområdet.,

Høyre skal ha ros for at dei set denne viktige diskusjonen på dagorden, som dreier seg om meir enn denne konkrete saka. Det bør vera i alle si interesse at det ser ordentleg ut rundt oss. Ikkje minst gjeld det den flotte, men også sårbare naturen i øyane.

Ryfylke-naturen er ein ressurs som kan gi levebrød for generasjonane framover. Det er difor viktig å ha eit langsiktig perspektiv påtiltak som blir gjort. Slik næringsområdet på Talgje framstår i dag, presenterer det seg ikkje frå si beste side.

Alt ville vore så mykje enklare viss det hadde blitt lagt bitte litt krefter i å rydda opp og pynta litt på korleis det ser ut.

Men det gode må likevel ikkje bli det beste sin fiende. Den type virksomhet som er tenkt etablera seg her, knytta til havbruk og oppdrett, kan etablera seg kor som helst i området.

Då må det ikkje påleggjast særreglar som ingen andre har. Det vil bare føra til at viktige arbeidsplassar glipp, noko som ingen er tent med.

Kanskje ville det vera ein ide å kasta blikket over til nabokommunane og kva krav som blir gjort gjeldande der. Stavanger kan godt gå framfor med eit godt eksempel, men må vera forsiktig og ikkje tøya strikken for langt.