Kommunen ventar med nedlegging av bossplass
Kommunen kjem ikkje til å avvikla bossplassen på Rennesøy, før saka er avklart politisk. Det skjer truleg i kommunestyret måndag 31. januar. Det er også klart at mottaket av landbruksplast uansett ikkje vil bli lagt ned.
RENNESØY:
Då kjem saka opp i form av ein interpellasjon frå Frp. Før utfallet av den er klart, skjer det ingen ting, opplyser ansvarleg for renovasjonen i Stavanger kommune, Tor Larsen til Øyposten.,
-Det er heilt ok for oss å venta litt til politikarane har fått sagt sitt, seier Larsen.
Han opplyser også at mottaket av landbruksplast ikkje vil bli lagt ned, same kva skjebnen blir for gjenvinningstasjonen.
-Det er ikkje ein del av denne saka, og vil halda fram som før på Hausken, understrekar han.
Larsen meiner også at rennesøybuen har fått eit bedre ordning for levering av avfall enn dei hadde før.
-Det skuldast ordninga med hentavfall.no som langt på veg erstattar tilbudet på Hausken. På Hausken er det bare mulig å levera farleg avfall, elektrisk avfall og hageavfall, og alt dette kan du få henta gratis heime ved å bestilla det på hentavfall.no, seier Larsen.
Han legg til at kommunen også planlegg hentedagar på Hausken vår og haust for dei som har større mengder hageavfrall å levera.
-Det blir innvendt at tunnelane kan bli oftare stengt viss privatpersonar skal frakta avfall gjennom dei, og ting ramlar av lasset?
-Mottaket på Hausken blir så lite brukt, at i forhold til det vil dette truleg ha fint lite å seia, meiner Tor Larsen, som legg til at etter at bompengane i Finnfast forsvann, er det lettare å få til eit samarbeid med Finnøy som har eit komplett tilbud i gjenvinningsstasjonen.