ROGALAND:

I ei ny undersøkelse oppgir annakvar rogalending at dei meiner det drikkes for mykje rundt barn på nyttårsafta. Samstundes seier tre av ti at dei har sett berusa vaksne saman med barn på årets siste dag.,

Det bekymrer fungerande generalsekretær i alkovettorganisasjonen Av-og-til, Katrine Gaustad Pettersen.

– Nyttårsafta kan i seg sjølv oppleves som litt skummel for dei minste. Det er rakettar, smell og kan oppleves litt kaotisk. Viss dei vaksne i tillegg skåler og skråler, og oppfører seg annleis, kan det bli ein vond kveld for barna, seier ho.

– Kan ikkje gå heim

Den ferske undersøkelsen er laga av Ipsos, på oppdrag frå alkovettorganisasjonen.

Nyttårsafta er ein spesiell kveld for mange familier, barna får vera oppe lenger og dei får med seg meir av festen. Alkovettlederen oppfordrar til ekstra bevissthet på kor mykje alkohol ein drikker utover kvelden.

– Barn merker at me har drukke mykje tidlegare enn me trur. Etter nokre glas alkohol kan det vera vanskeleg å bedømme korleis me oppfattes, og når barna synest at stemninga går frå å vera hyggeleg til å bli ubehageleg. Husk at barna ikkje kan gå heim frå festen når dei har fått nok, seier Gaustad Pettersen.

*Ipsos har på vegne av Av-og-til gjennomført en undersøkelse på web i perioden januar – mars 2021. 2748 intervju på landsbasis, 196 respondenter i Rogaland. Foto: FOTO: Av-og-til/Ipsos

– Maks to glas

Kvart år spør Ipsos barn om kor mykje dei synest at vaksne kan drikke når dei er saman med dei. Då svarer dei fleste at dei ønsker at vaksne drikker null, eitt eller maks to glas alkohol.

Det er ein viktig beskjed å ha med seg inn i det nye året, meiner generalsekretæren.

– Skål gjerne i champagne når klokka slår tolv, men ta hensyn til barna og hald deg til maks to glas. Då får både du og barna ein bedre start på 2022, avslutter ho.