Trass i sin unge alder er dei allereie gode "omsorgsarbeidarar" vesle Bastian i fanget til Magda Drange (t.v). Johanna Rørheim og Eirill i fanget til Solveig Landa

- Di e så hærrrlige, sjå på den dokkå der, seier Solveig Landa.,

- Dette er berre så gildt, eg går ikkje glipp av eit einaste besøk. Me treng eit lite avbrekk i den daglige tralten, fylgjer Johanna Rørheim opp.

Annankvar fredag kjem borna i Meisene-avdelinga til sjukeheimen for å synga for dei eldre. Sjølv om den eldste er berre tre år, er det lett å sjå at dei føler seg husvarme på avdelinga. I meir enn to år har Hagatoppen vore med i prosjektet livsglede for eldre, som er eit prosjekt i Folkehelseorganisasjonen.

- Målet er ikkje fyrst og fremst songen, men at borna kan vera ein del av den viktige eldreomsorga, seier pedagogisk leiar, pedagogisk leiar Beathe Kristin Strømskog.

Borna går fint inn og sett seg i ring på golvet framføre dei eldre som har sitte klar lenge. Og når Beathe Kristin tek opp ein bjørn ifrå sekken, veit ungane at det betyr at dei skal synga Bjørnen sover.

- Barnehagen har vore med i Livsglede for eldre -prosjektet i meir enn to år, og like lenge har me hatt denne tradisjonen. Livsglede for eldre arbeidar for å skapa naturlege møteplassar mellom ulike generasjonar. Som namnet tilseier så er me her for å skapa livsglede, og me har velt oss sjukeheimen som vår møteplass. Me ynskjer å knyta band på tvers av generasjonar, og at borna skal få kjenna på gleda av å gleda andre, fortel Beathe Kristin

Så sjølv om ingen av borna kan snakka skikkeleg, er det lett å sjå at dei finn seg godt rette i situasjonen. Vesle Eirill har pynta seg litt ekstra med smykke i dag, i anledning «konserten»

- Ja, det har blitt slik at borna ser fram til denne dagen, dei ser med forventning fram til besøket. Før me skal gå finn dei sjølve fram sakene som skal i livsglede-sekken, den er det rift om.

- Å sjå desse fine ungane får fram gode minner i meg. Eg ser med glede tilbake på åra då ungane var små, diverre gjekk den tida så altfor fort. Men no kjenner eg litt av dei gode kjenslene komma tilbake, seier Ingrid Skartveit.

- Tenk viss me kunne hatt desse ungane her litt oftare, det hadde vore kjekt, seier Solveig Landa medan ho klemmer godt på Eirill som har krype opp i fanget hennar.

.