I desse dagar pågår det også ei opprustning av den gamle ferjekaien.-Det gjer me fordi me har planar om stengja ferjekaien på Helgøy for nødvendig vedlikehald ein gong utpå vårparten. Då må denne kaien sjølvsagt vera i stand og klar til å ta imot all trafikken til og frå Sjernarøy, opplyser Håkon Odland i Statens Vegvesen til Øyposten.-Noko endeleg dato for når ferjekaien vil bli stengt er ikkje fastsett enno, men det vil me sjølvsagt opplysa om i god tid på førehand, legg Odland til.