|||

-Det er viktig at me ikkje let lokalpatriotismen og egoismen styre vala våre, men ha tiltru til at det partiet me vel og dei politikarane som står øvst på listene vil gjera ein god jobb for HEILE Stavanger, seier tidlegare lokalpolitikar og bonde Terje Vignes frå Steinnesvåg på Finnøy.,

Øyposten møter den tidlegare varaordføraren frå KrF utanfor stemmelokalet på Rådhuset, like etter at han har putta stemmesetelen i valurna til både kommune- og fylkestingsvalet, og til kyrkjevalet som også er eit viktig val for han.

,-Me må vera ferdige med dei geografiske omsyna no og syta for at me får ein heilskapleg politikk i den nye kommunen, der politikarene tek omsyn til alle delar av kommunen. Det forventar eg faktisk at politikarene me vel inn gjer. Men sjølvsagt er det viktig å gi lokalpolitikarar som er i posisjon til å koma inn i kommunestyret ein ekstra kryss, utan at eg av den grunn vil spekulera i noko vidare i dette, understrekar han.,-Det viktige no er at både finnøybuen og rennesøybuen engasjerer seg i lokalpolitikken og syter for å få sine folk på litene i dei respektive partia. Difor er det vel så viktig i tida framover å engasjera seg politisk i perioden mellom vala. For i den nye storkommunen vil partia og sjølve nominasjonsprosessen ei langt viktigare rolle, slår Vignes fast.