Grieg i ferd med å etablere ein operasjonssentral for drift av sjøanlegga, og held førebels til i Coop-bygget på Judaberg. Selskapet vil i framtida ha administrasjonen og sentralen under same tak, og ynskjer at det skjer på Judaberg. Då er føresetnaden at ein får tilgang på ei tomt sentralt på Judaberg, og selskapet peikar sjølv på den gamle legebustaden. Der vil Grieg rive det gamle og bygga eit nytt bygg på 600 kvadratmeter med plass til sine rundt 20 årsverk. Som ein del av ein eventuell avtale skal Finnøy kommune i fem år få disponera 60 kvadratmeter, til ein anslått verdi på ca 500.000 kroner.

Rådmannen har fått juridisk bistand for å vurdere om det er innafor EØS-reglane å gi Grieg gratis tomt, og konklusjonen er at dette ikkjke vil vera brot på reglane. "Ei utbygging som planlagt vil sikre eksisterande arbeidsplassar, i tillegg til at operasjonssentralen vil gi nye lokale arbeidsplasar. Prosjektet er i tråd med intensjonen i gjeldande reguleringsplan og vil kunne gje positive synergieffekta", skriv rådmannen i si innstilling til kommunestyret. I kommunestyret 19. desember ber rådmannen om at Grieg får overta tomta og rådmannen får fullmakt til å laga den endelege avtalen med Grieg.