Her er det ikkje lett å få ja.

Hensikta med slike revisjonoppgåver er å gi ei objektiv vurdering av korleis kommunen handterer tenestene til innbyggarane sett ifrå ein uavhengig ståstad.,

Her er i korte trekk kva som kom fram:

Skulehelsetenesta

Samarbeidet mellom skulehelsetenesta og skulen/oppvekstsentera er godt.

Informasjonen på kommunen sine heimesider og oppvekstsentera sine heimesider er etter revisjonen si vurdering mangelfull. Betre informasjon kan gjera skolehelsetenesta meir tilgjengeleg.

Konklusjon : Skulehelsetenesta i Finnøy ivaretek i stor grad dei oppgåvene som tenesta inneber.

Beredskap

De siste åra har Fylkesmannen i Rogaland hatt to tilsyn med kommunen sin samfunnssikkerheit og beredskap, i mai 2014 og i oktober 2016. Fylkesmannen avdekka begge gongene avvik. Tilsynet i 2016 kom som ein direkte følge av at kommunen ikkje hadde lukka avvika som blei påvist i 2014. Av denne grunn var dei påviste avvika i hovudsak dei same i begge tilsyna.

I ein ny ROS-analyse har kommunen teke utgangspunkt i vurderingane som blei gjort i ROS-analysen frå 2012 og komplementert denne med nye hendingar og informasjon, basert på særtrekk ved Finnøy kommune.

På denne måten får ROS-analysen fram kva for risikofaktorar som gjer seg gjeldande i kommunen, kva  konsekvensar desse kan få, og sjansane for at ei slik hending kan inntreffa. I tillegg gir analysen ein peikepinn på i kor stor grad ein kan gå ut ifrå at den enkelte risiko er rett vurdert.

Vår gjennomgang av den nye ROS-analysen viser at denne tilfredsstiller krava i lov og forskrift om anbefalingar og kommunal beredskapsplikt.

Konklusjon: Arbeidet med analysen har vore bredt forankra i kommunen, noko som er positivt.

Byggesaker:

Hovudbodskap: Det er ikkje store manglar ved kommunen si handtering av byggesaker, men me har ei rekke anbefalingar til ulike funn som er avdekka:

- Har kommunen tilstrekkeleg kompetanse og kapasitet på området?

- Er kommunen sine arealplanar oppdaterte og tydelege nok for ein effektiv behandling av byggesaker?

- I kor stor grad får politikarane godt nok grunnlag til å gjera sine vedtak i byggesaker?

- Korleis fungerer kommunen sin internkontroll og kvalitetssystem for byggesaker?