Dermed vil fleire såkalla mørke flekkar på dekningskartet i kommunen bli viska ut, innklusiv Eidssund ferjekai og nærliggjande område.-Det er gledeleg at denne langdryge prosessen no endeleg ser ut til å få ei positiv løysing, sa ordførar Skartveit som rosa både mobilselskapet Netcom, fylkeskommunen og samarbeidane kommunar i Ryfylke for deira bidrag til å løysa denne etter kvart så betente saka.