Det skal mellom anna forskast på klimanøytral tomatproduksjon.|Jan Terje Vignes i Lauvsnes Gartneri skal investera fleire titals millionar for å oppnå målet om ein klimanøytral tomatproduksjon|Jarle Skjæveland i selskapet GreenCap Solutions|Jan Terje Vignes i Lauvsnes Gartneri skal investera fleire titals millionar for å oppnå målet om ein klimanøytral tomatproduksjon

STAVANGER:

-Dette er ein verdssensasjon, sa ein tydeleg stolt Jarle Skjæveland i selskapet GreenCap Solutions, då han og forskar Michel Verheul presenterte systemet og testresultata frå NIBIO Særheim på fagdagen i samband med Tomatfestivalen ombord på "Rygerelektra" torsdag ettermiddag.,

Jarle Skjæveland i selskapet GreenCap Solutions. Foto: FOTO: Jon Asgaut Flesjå

-Det er difor utruleg spanande at me no skal få prøva dette ut i praktisk på sjølvaste tomatøya Finnøy, og her lokalt i tomatfylket Rogaland, understreka Skjæveland.

-Men det er likevel ei kostnadsmessig og strukturell utfordring og pardoks ved det heile, når Stavanger kommune har som mål å redusera utsleppa med 80%,og samtidig ha som mål å auka produksjonen med 100 % i den same tidsperioden. Dette fordi heile 30 prosent av tomatproduksjonen og storparten av gartneria ligg i storleiken 2000-5000 m2. Desse gartneria vil aldri kunne gå til slike investeringar som eit slikt lukka system inneber, poengterte forskaren på Særheim.,

Han såg likevel ei moglegheit til å redusera klimautsleppa også frå andre gartneri av mindre storleik. Då ved å leggja om produksjonen, eller investera i varmepumper og såkalla varemvekslarar i desse gartneria.

   Takknemleg til det unike forskningsmiljøet

Under fagdagen hadde også, generalsekretær Katrine Rød Meberg i Norsk Gartnerforbund, eit innlegg om den utfordrande situasjonen vedrørande mangel på utenlandsk arbeidskraft som frukt og grøntnæringa har hatt i samband med Covid 19, og den pågåande pandemien.

-Næringa har i all hovudsak klart å oppretthalda produksjonen med visse unntak. Dette trass i stor usikkerheit og mangel på arbeidskraft. Men gartnarane har snudd seg rundt og funne løysingar, og verkeleg teke ansvar i ei svært vanskeleg tid. Det er svært imponerande, avslutta  generalsekretæren.

På slutten av fagdagen slapp gartnar Jan Terje Vignes i Lauvsnes Gartneri AS til. Han rosa det unike forskningsmiljøet på Særheim, og det framifrå samarbeidet som har vore med høgkompetanseselskapet GreenCap Solution.

-Eg er både stolt og svært takknemleg for at eg har kunna dra vekslar på eit slikt tett og nært samarbeid, og at denne nyvinninga og høgteknologien med god hjelp og økonomisk støtte frå ENOVA kan realiserast i mitt gartneri på Finnøy, sa Vignes.

  -Kan ikkje stoppa denne utviklinga

Ein av tomatgartnarane som deltok på konferansen , var Jon Olav Runestad frå Fogn.

-Me må nok berre erkjenna at industrialiseringa og strukturendringane i tomatnæringa vil eskalera ytterlegare dei komande åra. Ingen kan stoppa utviklinga i ei næring som ikkje er underlagt begrensingar og konsesjonar slik som elles i jordbruket. Eg fryktar difor også ei pulverisering av fagmiljøet både lokalt og i heile fylket, som ein konsekvens av dette.

-På kva måte då?

-Fordi vilkåra, veksthusa og sjølve produksjonsgrunnlaget er så ulikt. Tomatnæringa starta som ei god og viktig tilleggsnæring, og gjekk på 70-talet over til å bli meir spesialiserte familiebruk. Det var familien og skuleungdommen som gjorde jobben. Då me blei ein del av EØS-avtalen blei mykje av arbeidskrafta erstatta med folk frå østblokklanda. Dermed låg det meir til rette for stordrift og industrialisering, slik me ser det i dag.

Nå ser det ut til at me går inn i ei ny fase med ei ytterlegare  industrialisering og strukturrasjonalisering av næringa. Om nokre få år er det kanskje berre igjen eit par gartneri på tomatøya .Dette er diverre ein naturleg del av det uregulerte næringslivet sitt vesen, påpeikar Runestad.- Men er det då symbolet på Finnøya i framtida, spør han seg.

Runestad vil likevel ikkje framstå som sutrete, og gjentek at ein ikkje kan stoppa ei slik utvikling slik ramevilkåra i næringa er i dag.Han er sjølv klar til å ta millioninvetsringar i sitt eige gartneri for å utvida tomatsesongen og satsa vidare.

-Men det ligg likevel eit stort potensiale i dette fagmiljøet som nå kan koma til å forvitra, og ikkje minst i dei mange godt driverdige veksthusanlegga som enno kan produsera i mange år framover, men som ikkje vil kunne møta denne store miljøutfordringa. Det meiner eg at offentlige landbrukspolitiske organ og forvaltninga bør sjå nærmare på, avsluttar Runestad.