Kommuneoverlege i Finnøy og Rennesøy Morten Hovdet: - Det viktigaste no er å syta for at streiken ikkje går ut over liv og helse. Foto; Oddbjørg Måland

FINNØY- RENNESØY:

Ved legekontoret på Finnøy er førebels éin av sjukepleiarane tatt ut i streik.,

Med redusert bemanning på begge legekontora betyr det at ventetida før du får svar på telefon vil bli lengre og telefonen vil i periodar ha andre opningstider. Rutinemessige blodprøvar kan måtte venta til seinare, eller du kan bli bedt om å reisa til sjukehuset for å ta prøvane. Streiken skal uansett ikkje gå ut over liv og helse, slik at dei som er akutt sjuke skal få hjelp.

- På Finnøy ynskjer me å halda telefonlinja open mest mogleg. Folk bør ha moglegheit til å komma i kontakt med legekontoret. Ekstraservicen sjukepleiarane gir for å hjelpa pasientane våre som har behov for det, er det sjølvsagt heilt nødvendig å kutta ut i denne tida, men me passer på at situasjonen ikkje går utover liv og helse, seier kommuneoverlege i Finnøy og Rennesøy Morten Hovdet.

I morgon onsdag, kan endå ein sjukepleiar ved legekontoret i Finnøy bli tatt ut i streik, og det kan gjera det nødvendig å søka om dispensasjon for å kunne oppretthalda forsvarleg helsehjelp.

- Så lenge me ikkje veit kor langvarig streiken blir, er det vanskeleg å sei kva som vil skje. Me tek ein dag om gongen, men akutt helsehjelp skal me alltid kunne gi, seier Hovdet.

Streiken får ikkje konsekvensar for vaksineprogrammet som skal gå som planlagt.

Frå legekontoret kjem dei med fylgjande oppmoding:

-Bruk e-konsultasjon/elektronisk melding til legen viss du lurer på prøvesvar, vil bestilla reseptar på faste medisinar, eller har andre spørsmål som egnar seg for elektronisk kommunikasjon.

-Viss det hastar å komme i kontakt med lege eller få helsehjelp ved akutt sjukdom: Ring 116117, eventuelt 113.

-Viss du er usikker på om du treng ny resept: Ring heller apoteket enn legekontoret for å spør.

-Viss du treng å spør om ting som har med sjukehusbehandling: Ring avdelinga du skal til.