Her tok ein vaksen mann til tårene

Arthur Rorheim, med røter på Ombo, blei så rørt at han tok til tårene då han fekk vita at Awana-klubben han hadde stifta, hadde fått ein avleggjar på Ombo. Rorheim blei ein av dei mest kjente nordmennene i USA, og var fleire gonger på besøk i Ombo.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel
Eli Nes leiar Awana-klubben på Ombo.|Gislaug Åsbø traff slektningen sin då han var på Ombo. Her saman med mannen Reidar Åsbø.|Art Rorheim var ein av dei mest kjente nordmennene i USA.

OMBO:  Fleire kjente skikkelsar har sitt opphav på den største øya i Ryfylke, mellom dei er Art Rorheim, eller Arthur som er det fulle navnet hans.,

-Arthur Rørheim var på besøk på Ombo fleire gonger, seier Gislaug Åsbø til Øyposten. Arthur Rorheim var søskenbarnet til far hennar, Rasmus Golf. Det var far til Art, Olaus Rørheim, som vaks opp på Ombo, og som seinare utvandra til Amerika saman med kona Alida. Han var bror til Gislaug Åsbø si farmor.

Gislaug Åsbø traff slektningen sin då han var på Ombo. Her saman med mannen Reidar Åsbø.

- Eg har truffe han, og hugsar han som ein alminneleg og venleg mann på alle vis. Han kunne litt norsk og budde hos Gurine Golf. Også sønnen har vore på besøk hos familien på Ombo, seier Åsbø.

Kjente navn i heile USA

Ifølge ein artikkel som forfattaren og redaktøren Torbjørn Greipsland skreiv i Øyposten si nettavis nyleg, er Art Rorheim ein av dei mest kjende nordmennene i USA, visepresidentane Walter Mondale og Hubert Humphrey, samt Abraham Vereide,  som startet president-frokostane saman med Billy Graham, medrekna.

Art Rorheim var ein av dei mest kjente nordmennene i USA.

Ombo har elles framheva seg med andre kjente navn, inkludert Lauris Norstad, som var øverstkommanderande for dei allierte styrkane i Europa etter krigen.

Rorheim var ein av grunnleggjarane av det som er blitt den verdensomspennande organisasjonen Awana. Navnet er forkorting for «Approved Workers Are Not Ashamed”, «en arbeider som ikke har noe å skamme seg over», 2. Timoteus’ brev 2,15.

I 1992 besøkte Torbjørn Greipsland  Art Rorheim på hans kontor i AWANA-bygget i Streamwood utanfor Chicago og intervjua han.

Awana-bewegelsen har også gjort sitt inntog i Norge, og er mellom anna representert i det kjente konferansesenteret Fredheim Arena i Sandnes.

Awana Ombo

Og nå har rørsla også fått ein avleggjar, nettopp der kor Art Rorheim har sine røter: på Ombo.

-Då Awana kom til Norge, blei det naturleg å døypa om Ombo Yngres til Awana Ombo, opplyser Eli Nes, som leiar dette frivillige barnearbeidet på Ombo-

Ifølge Nes er mesteparten av borna frå 5. klasse og med i Awana på Ombo.

-Og då Art Rorheim fekk vita at organisasjonen han var med å grunnleggja, hadde fått ei knoppskyting her, tok han til tårene. Så gripande var det for han, seier Eli Nes.

Art Rorheim gjekk bort i 2018, 99 år gamal.