Statsminister Erna Solberg hadde gledelege nyheiter fredag ettermiddag.

Det varsla statsminister Erna Solberg i ei pressekonferanse fredag ettermiddag.,

– No er tida kome. No skal me tilbake til en normal kvardag, erklærte ho.

Dette inneber at dei aller fleste nasjonale smittevernstiltak, etter rundt 1,5 år med pandemi, blir oppheva frå i morgo klokka 16.

FHI – Liten risiko

– Smittetalla synker. Sjukehusinnleggelsene har flata ut. I løpet av få veker forventer me at store deler av den norske befolkninga er fullvaksinerte. Folkehelseinstituttet meiner at det er liten risiko for at epidemien skal koma ut av kontroll, gje betydelig sjukdomsbyrde eller trua helsetenestane si kapasitet, forklarte statsministeren.

«Eg trur det me har vore gjennom vil prega oss resten av livet, på godt og vondt. Me har lært kor sårbare me er, og me har lært kor mykje me kan få til når me står saman,» seier statsminister Erna Solberg.

Stavanger kommune har per no vaksinert 67,6 % av innbyggarane med minst éin dose.

– Antal sjukehusinnleggelsar har vore lavt sammenlikna med tidlegare periodar med tilsvarande høg smittespreiing. Dette bekrefter at vaksina fungerer og er vegen ut av pandemien, seier kommunedirektør Per Kristian Vareide, i ei pressemelding fredag.

Meir ordinær drift

Massevaksinasjonen av befolkninga går mot slutten, og innbyggarane vil merka koronapandemien i mindre grad framover.

Kommunedirektør i Stavanger kommune, Per Kristian Vareide. Foto: FOTO: Stavanger kommune

– For Stavanger kommune vil det innebæra å gå fra stadig endra tiltaksnivå, til ein meir ordinær drift i tenestetilbodet.

– Samtidig som kvardagen og tenestetilbodet normaliseres, skal kommunen fortsetta å overvaka pandemien saman med sentrale myndigheiter, forsikrar kommunedirektøren.

Viktige råd og regler som forsvinner fra 25. september

  • Kravet om å halda ein meters avstand, bortfaller.

  • Det er ingen restriksjonar knytta til sosial kontakt eller arrangement.

  • Det er ikkje krav om bordservering og innsleppsstopp.

  • Innreiserestriksjonane trappes gradvis ned.

  • Det globale reiserådet oppheves frå 1. oktober

Råd og regler som gjeld i en normal kvardag med auka beredskap

  • Vask hender, host i papirlommetørkle eller albuekroken og hald deg heime viss du har nyoppståtte luftveissymptomer eller feber.

  • Du må i isolasjon viss du får påvist covid-19.

  • Dersom du får symptom på luftveisinfeksjon, bør du framleis testa deg. Det gjeld også vaksinerte.

  • Uvaksinerte husstandsmedlemmer til ein som er smitta, bør testa seg og gå i karantene, uavhengig av om ein har symptomer eller ikkje. Andre uvaksinerte nærkontaktar treng ikkje å gå i karantene, men bør testa seg.

  • Trafikklysmodellen i skuler og barnehagar brukes som verktøy ved behov dersom situasjonen tilseier at det er naudsynt.

Kjelde: regjeringen.no