Det kan bli gjensyn med sokneprest Tor Egil Eriksen på Byre i sommar.

BYRE:

Bortsett frå datoen er ikkje detaljane for opplegget klart.,

Fungerande dagleg leiar ved kyrkjekontoret i Finnøy, Heidi Bø Sangedal, seier at ideen om gudsteneste på Byre blei sådd for nokre år sidan, men utan at det den gong blei ein realitet.

-Dåverande sokneprest Tor Egil Eriksen foreslo dette, men det blei med tanken. Nå har soknerådet på Talgje tatt kontakt med grunneigarane Gudmund og Kari Velve Byre, og fått grønt lys.- Gudstenesta blir ved den store oppsamlingsdammen dei har laga for frukthagen, opplyser Bø Sangedal.

Dagleg leiar i Kyrkja i Finnøy, Heidi Bø Sangedal.

Planen er at gudstenesta skal passa med rutetidene til Ryfylkeferja, slik at folk kan koma seg bort.

Kanskje blir turgåing og grilling etter gudstenetsa også ein del av opplegget. Det har vore fleire vellukka friluftsgudstenester i Finnøy, sist i Rygjabø-parken Kristi Hillemfartsdag, og Heidi Bø Sangedal trur at mange kan få lyst til å koma viss været er bra.

-Planen er at Tor Egil Eriksen skal halda gudstenesta, men viss det ikkje passar for han skal me finna ein annan. Me tenkjer oss også at det vil bli musikk til gudstenetsa. Mellom anna har Arne Mossige, som jobbar i kyrkjeleg fellesråd, hytte på Byre, og han spelar piano, seier Heidi Bø Sangedal.

Foto: FOTO: Frode S. Lindboe