Meir omfattande graving på Judaberg enn først tenkt

Grunnarbeidet i forbindelse med bygginga av den nye sjukeheimen på Judaberg ligg an til å bli ein god del meir omfattande enn først tenkt. Kommunen har bestemt å skifta ut vatn- og avløpsledningar i området, når gravemaksinane først er i gang.

Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel
Parkeringsplassen her blir stengd når gravinga kjem i gang.

FINNØY:

Etter planen vil grunnarbeidet begynna i førsten av mai. Då vil det både bli arbeid med utgravinga av tomta, og legging av ny vatn- opg avløpsledning ned til veggen på Coop.,

Det betyr både at fylkesvegen må kryssast, og at parkeringsplassen ovanfor fylkesvegen blir omfatta av gravinga.

Dei raude strekene viser den nye trasèn for vatn -og avløp.

Prosjektleiinga har søkt kommunen om igangsetting 2. mai.

-Me vil prøva å gjera arbeidet så fort og skånsam som mogleg. Det skal leggast vatn- og avløpsledning frå Coop-bygget til sjukeheimen, noko som gjer at det blir nødvendig å stengja vegen mens arbeidet pågår.

Når hovudvegen blir stengd vil parkeringsplassen over bli brukt til omkøyring. Det betyr også at dei som parkerer her må finna seg ny parkering, opplyser byggeleiar Torry Mikalsen.

Han legg til at kommunen er i gang med å sjå på alternativ parkering i området rundt ferjekaien.

-Kor lang tid vil dette gravearbeidet ta?

– Det er eit omfattande arbeid, utan at eg kan seia eksakt kor mange. I tillegg til vatn- og avløp til sjukeheimen, har me nettopp fått beskjed om at kommunen vil foreta ei større utskiftig av vann- og avløpsnettet i området, så arbeidet vil nok ta ei stund, seier Mikalsen.