Oddbjørg Måland

RENNESØY:

Til påske er dei fyrste fire klar til innflytting. Hytte nummer fem er ei visningshytte som skal byggast etter at dei andre er klare.,

For snautt eitt år sidan fekk Sokn camping løyve frå kommunen til å utvida campingplassen med 10 nye hytter av ekstra høg standard.

Nytt byggetrinn til hausten

Byggetrin 2, som består av dei siste fem hyttene, startar til hausten.

– Det er etter inspirasjon frå campingplassen på Ogna, at me sette i gang konseptet med villavogner. Suksessen på Ogna tenkte me kunne overførast her, og bestemte oss for å setta i gang. Så langt ser det jo bra ut, seier leiar ved campingplassen, Frode Steine.

Villavogn

Villavogn, er om nokon skulle vera i tvil, er ei oppgradert husvogn.

– Ja, det stemmer, det er berre eg som likar å kalla dei det, fordi dei er nye og meir moderne.

Villavognene er ikkje festa i bakken men står på stålbjelkar, og kan i prinsippet flyttast. Dei er 40 kvadratmeter store og inneheld stove og kjøken i eitt rom, bad og soverom. Utvendig er det innglasa ei 12 kvadratmeter stor hagestue med utsikt over sjøen.

Tilbyr båtplass

For dei som ønskjer er det mogleg å få båtplass.

– Pris?

– 1.8 millionar kroner inkludert avgifter. I tillegg kjem straum, samt eit årleg beløp på 18 000 kroner.

– Kven er det som kjøper husvogner?

– Dei kjem frå alle kategoriar, yngre og eldre, einslege og småbarnsfamiliar. Felles er interessa for campinglivet. Dei fleste er frå regionen og tykkjer nærleiken til byen er eit stort pluss. Å ha ein ferieplass her er eit godt alternativ til sjøhytte, men med atskilleg mindre arbeid.

Rundt 160 vogner står på faste plassar året rundt, og mange av dei er i bruk heile året.