Grieg Seafood satsar på lukka oppdrettsanlegg i sjø

Gjennom samarbeidsselskapet Next Seafood skal Grieg Seafood Rogaland og FishGLOBE inngå partnarskap for å realisera utviklingskonsesjonar for lukka havbruksteknologi i sjø.

Nina Willumsen Grieg, regiondirektør i Grieg Seafood Rogaland vil satsa på betre dyrevelferd gjennom berekraftig drift.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

Det skriv Grieg Seafood Rogaland i ei pressemelding.,

Grieg Seafood og FishGLOBE samarbeider i dag om oppdrett av postsmolt i to mindre lukka oppdrettsanlegg i Ryfylke. Det gjer at laksen kan vera kortare tid i tradisjonelle oppdrettsanlegg, noko som blant anna gir selskapet betre kontroll på lus og sjukdom. Nå inngår selskapa eit partnarskap for å vidareutvikla denne teknologien og tilpassa den til slakteklar matfisk.

Norske styresmakter har tildelt to utviklingskonsesjonar til prosjektet.

– Me skal redusera avtrykket vårt, forbetra fiskevelferda og veksa berekraftig. Det jobber me mykje med, både gjennom å forbetra tradisjonell oppdrett og ved hjelp av ny teknologi. Gjennom samarbeidet i Next Seafood er målet å utvikla teknologi og kompetanse på lukka anlegg i sjø. Det ser vi frem til, seier Nina Willumsen Grieg, regiondirektør i Grieg Seafood Rogaland.

Publisert: