Irinas blomsterprakt pyntar opp på Judaberg
Irina Soklovas begonia lyser opp blant grå asfalt og betongvegger på Judaberg. Frisøren får mange gode tilbakemeldingar frå kundene sine.
FINNØY: -Eg syntes det var så kjedelig her med bare asfalt og betong, at eg fekk lyst til å pynta opp med blomster, seier Irina Sokolova til Øyposten.
Utanfor frisørsalongen hennar, N´Joy, bugnar begoniane med store, rosa blomster.
-Det er kongebegonia frå Latvia, forklarer Sokolova om dei kraftige plantene.
Elskar blomster
Ifølge frisør Sokolova sel dei ikkje slike kjempebegonia i Lativa lenger. I alle fall har ikkje ho klart å få tak i dei meir. Dei ho har planta på Judaberg tok ho med seg frå det tidlegare heimlandet sitt for 11 år sidan.
Irina Sokolova er frå Riga-området, men ho og mannen er nå blitt norske statsborgarar og har heimen sin på Selvåg på Fogn.
At kvinna frå Fogn har grøne fingrar er det ingen tvil om, for maken til blomsterprakt er sjeldan å sjå.
Heime på Fogn har ho både kvite og gule kongebegonia, og spesielt dei gule er endå større enn plantene utanfor frisørsalongen. Dei kan bli ein til halvannan meter høge, med stenglar så tjukke som greiner på eit tre.
Sel ikkje, gir bort
Mannnen jobbar som gartnar i gartneriet til Lars Selvåg, kor Irina får setja ut knollane om våren for å gi dei ein god start.
-Lars er så snill, og me får tomatgjødsel av han til å gjødsla dei med, seier Irina Sokolova.
Ho får mange gode tilbakemeldingar frå kunder i salongen som spør om å få kjøpa knollar av henne.
-Eg sel ikkje, eg gir bort. Knollane blir så store at det fint går an å dela dei, legg ho til.
Ifølge Judaberg-frisøren er det lettstelte blomster, som ikkje treng allverdens stell. Ho må bare plukka bort visne blomster og blader av og til.
-Dei toler vind, regn og tørke, og blomstrar frå tidleg vår til sein haust, seier Sokolova, som har planar om å laga til ein fin sitjeplass utanfor salongen sin.
Neste år skal kundane kunna sitja og venta i sola, omgitt av vakre blomster, mens dei ventar på tur i frisørstolen. Det gledar Irina Sokolova seg til.