Ny medarbeidar i Øyposten

Even Hallås (27) er begynt som ny journalist i Øyposten.

Even Hallås er tilsett som journalist i Øyposten.
Publisert: Publisert:

FINNØY: Hallås er fødd og oppvaksen på Madla i Stavanger, og har vore politisk engasjert i Unge Høyre. Først som leiar i Stavanger Unge Høyre, og seinare som leiar i Rogaland Unge Høyre. I dag er han ikkje medlem av noko politisk parti.

-Eg gledar meg til å dekka det som skjer i Finnøy og Rennesøy, og ser fram til å læra journalist-yrket ut og inn. Å jobba i ei lokalavis er ganske lærerikt, for der får du anlening til å vera med på det meste, seier han til Øyposten.

Hallås er tilsett i full stilling, men på fritida tek han master i engelsk språk og litteratur. I tillegg tek også sangtimar hos sangpedagog, og er sterkt interessert i fotball. Øyposten kan difor by på fotballreferat framover.

Heilt ukjent med øylandskapet er han heller ikkje.

-Eg trur eg har vore på dei fleste øyane i Finnøy og Rennesøy. Eg har også vore på Tomatfestivalen før, og ser fram til årets arrangement, seier han.

Før han kasta seg inn i journalistikken har han jobba som kokk, mellom anna som lærling på «fine dining-restauranten Arakataka i Oslo.