Vårslepp for handelsstanden på Judaberg

Kjekt for dei små, og utbytterikt for dei store.

Knallkjekt med gratis is og brus, mange aktivitetar, mykje folk, god stemning og strålande vêr.
  • Oddbjørg Måland
Publisert:

Folkefest

I dag laurdag, inviterte Kiwi og Coop til ein annleis handledag i sentrum.

– Me har vore i gang sidan klokka 0800 i dag. Dei 100 første kundane fekk goodiebags. Klokka 1100 serverte me kake og kaffi inne i butikken. og klokka 1300 starta programmet ute, fortel butikkleiar på Kiwi Marianne Slåtten Mikkelsen. Ho held fram: At det er to arrangement på ein og same dag tenker eg gjer ingenting. Det er ulikt innhald og kanskje litt ulike målgrupper også.

Ida Schumann og vesle Tom har fått is avKiwi-maskotten.

Eg er svært glad for denne dagen og tykkjer det er strålande innsats av speidarane og bebuarane i Fåhagen som let oss få bruka dette flotte området. Det er mange som har jobba dugnad i fleire dagar for å få dette til. Ikkje ikkje minst det inspirerande at så mange stiller når ein først dreg i gang eit slikt stort arrangement.

Det er godt å sjå at Finnøy kan arrangera meir enn Tomatfestivalen: F.v: Torbjørg «Tobbå» Hebnes, Venche Slåtten Mikkelsen, Reid Mikkelsen, Oddrun Steinnes Svendsen og Øystein Svendsen.

Speidarane som var medansvarlege for arrangementet ved Kiwi hadde saman med dei tilsette i butikken laga ei flott ramme rundt arrangementet. Store og små kosa seg med forskjellige aktivitetar, godteri og pølser og brus.

Jan Dybdal sjekkar komforten i falggskipet Bydhan.

Utanfor Coopen var aktiviteten retta meir mot dei litt meir tilårskomne. Her var verken hoppeslott eller lykkehjul, men raske båtar og blanke bilar.

– Nå har me nettopp seld denne båten her, fortel Terje Bergeland frå Stavanger Bådsenter, og peikar på ein straumlinjeforma Pioner 15 Allround.

I anledning dagen gjekk båten for 150 000 kroner.

– Dette er messepris, i morgon kostar den 170 000 kroner, forklarer Bergeland.

Side om side står tre splitter nye høgteknologiske doningar frå Kina, BYD. Ifølgje Espen Hoff er dei både luksuriøse, komfortable og stilreine i forma.

Denne gjengen har vore primus motor for arrangementet på kaia. F.v: Sveinung Tou, Øyposten, Per Ove Rosland, Coop Extra, Espen Hoff, RSA Bil og Terje Bergeland, Stavanger Bådsenter.

– Er det nokon som har falle for freistinga og handla?

– Me er her mest for å visa bilane fram. Sjølv om det ikkje er så mange folk her, så har eg snakka med fleire enn eg gjorde på Utopia-festivalen i Stavanger, med 15 000 besøkande. Det er liksom litt enklare når det er fredelegare forhold, seier Hoff. Kanskje blir RSA bil å finna på Tomatfestivalen i august.