-Knallbra med gratis ferje
Sjernarøyfolk er glade for at det blir gratis ferje, og håpar på fleire reisande til øyane.
SJERNARØY: -Det er knallbra, seier Kine Aartun Norheim om at det blir gratis ferje frå onsdag av.
Ho driv Joker-butikken på Eriksholmen, og håpar at gratis ferje vil føra til at fleire vil besøkja øyane.
-Det er også bra for oss som bur her, både dei som pendalar og ungar som skal på fritidsaktivitetar til Finnøy, seier Aartun Norheim.
Ventar meir reising
Også leiaren i Sjernarøy Vekst, Anders Vadla, synes det er flott at det blir gratis ferje.
-Det er veldig bra, seier Vadla, som trur at det vil føra til at hytter og feriehus blir brukt endå meir.
-Vil det føra til tilflytting til øyane, trur du?
-Det er i alle fall ikkje negativt for øyane, seier han.
Men Anders Vadla er litt uroleg for framtida for hurtigbåten.
-Eg håpar like vel at den ikkje blir for hardt ramma, seier han.
Sikrar jobbar
Geir Landsnes, som driv Landsnes Bygg på Sjernarøy, reknar med å spara ein god del på at det blir gratis ferje.
-Eg kjører til byen eit par gonger i veka, ofte med hengar. Det kostar meg ein 500-lapp tur-retur, så det blir ein god del å spara på gratis ferje i løpet av eit år, meiner han.
Same reaksjonen er det også frå Lars Martin Lauvsnes Hetland, fabrikksjef på Grieg Seafood på Helgøy.
-Det blir eit konkurransefortinn for oss, nå kjem me endå tettare på Europa, seier Lauvsnes Hetland, som årleg sender 2900 trailarar med laks frå slakteriet. Desse vil nå kjøra gratis.
-Det vil balansera opp dyrare diesel mellom anna, seier Lauvsnes Hetland.