Sjernarøy får tre nye lærarar: -Aldri skjedd før i mi tid

Oppvekstsenteret på Sjernarøy får tre nye lærarar i haust. Det er år og dag sidan det har skjedd, og assisterande rektor Alice Helgøy synes det er storvegs med nye lærarkrefter i ei tid med akutt lærarmangel.

Asstisterande rektor Alice Helgøy (bak) er godt fornøyd med å få nye lærarkrefter til skulen. Jarand Larsen-Rodvelt og Michelle Nyre Apps begynte begge i jobben i haust.
Publisert: Publisert:

SJERNARØY: -Det har aldri skjedd før i mi tid at det er kome så mange nye lærar på ein gong. Det er veldig kjekt at det kjem nye krefter til, seier Sjernarøy-rektoren til Øyposten.

Førebels er det to nye lærar, sidan den tredje, Olaug Markmanrud Norheim, begynner seinare i haust. Dei to som er komne er Jarand Larsen-Rodvelt og Michelle Nyre Apps. Han er frå Sandnes og jobbar full tid, medan Michelle Nyre Apps er frå staten New York, men bur for tida på Finnøy.

-Det er litt som heime her, seier Michelle Nyre Apps til Øyposten.

-Eg er frå ein liten plass nord i staten New York. Sjernarøy er ein fantastisk plass med kjempekjekke skuleelevar, seier ho.

Både fingrar og tær må takast i bruk når Michell Nyre Apps har undervising i engelsk for dei minste elevane.

Ho og mannen har budd på Finnøy i to år, og nå pendlar ho med ferje og buss til jobben på oppvekstsenteret på Sjernarøy. Då tek ho også med seg borna Lily, som øyeblikk fyller 10 år, og Magnolia på sju. Dei er også med mor på skulen på Sjernarøy. Mannen, som er frå England, jobbar som sjuklepleiar på sjukeheimen på Judaberg.

Michelle Nyre Apps har slekta si frå Voss, derav mellomnavnet Nyre, og trivst veldig godt i Norge.

-For å gjera ein lang historie kort så var det Covid som gjorde at me flytta til Norge. Det er ein god plass å vera, seier ho.

Michelle Nyre Apps tek med seg borna Magnolia (t.v.) og Lily frå Finnøy til skulen på Sjernarøy.

Michelle Nyre Apps har godkjent lærarutdanning, og jobbar som timelærar på oppvekstsenteret.

-Me kunne godt tenkt oss og budd på Sjernarøy, men det er ikkje så mange ledige hus her, seier ho.

Det er lenge sidan det har vore ein så stor klasse på Sjernarøy, som andre-klassen med 13 elevar. Michelle Nyre App ynskjer elevane velkomne.

Jarand Larsen-Rodvelt pendlar også til oppvekstsenteret. Han har kjøpt seg hus på Ombo, og jobbar full tid på Sjernarøy.

-Eg har tjukt av slekt på Ombo, opplyser han.

Jarand Larsen-Rodvelt er i gang med lærarutdanninga si, og går alt etter planen vil han vera ferdig uteksaminert til våren.

-Oppvekstssenteret her er ein fin plass å jobba, og elevane er alle tiders. Dei oppfører seg både vakse og modent, og har mykje omsorg for kvarandre, seier Jarand Larsen-Rodvelt.