– Me kontrollerte fire bussar for betlebruk. Ein passasjer fekk bilbeltegebyr, skriv Statens vegvesen etter ein kontroll på Sokn torsdag.

Vegvesenet såg nøyare på i alt 110 tunge køyretøy og 5 lette køyretøy.

Her er nokre av regelbrota som blei avdekka:

  • Tre sjåførar fekk køyreforbod på grunn av dårleg sikra last.

  • To sjåførar fekk køyreforbod på grunn av sikthindrande gjenstandar i frontruta.

  • Ein lastebil fekk køyreforbod på grunn av for brei last og lekkasje frå lasta.

  • Ein transportør fekk køyreforbod og gebyr på 6500 kroner på grunn av overlast.