Bli med om bord: Slik gjer Øyvind det når han fjernar lakselus

Øyposten har gjort seg kjent på ein avlusingsbåt.

Måndag ettermiddag la kaptein Øyvind Rebnor til kai på Judaberg med Mowis avlusingsbåt Frøy Merlin.
Publisert:

Måndag ettermiddag låg den blåfarga båten Frøy Merlin til kai på Judaberg. På akterdekket har den to lastekraner og tilsynelatande eit digert treskeverk. Øyposten går om bord for å høyre kva dette er for noko.

Døra inn til lugaren står open og det luktar middag. Ein kar kjem ut.

– Eg heiter Øyvind Rebnor og er kaptein om bord, seier han.

Brukar varmt vatn

Båten er ein avlusingsbåt som jobbar for oppdrettsgiganten Mowi, kjem det fram. Treskeverket er til for å skilje lusa frå laksen.

– I dag har me hatt eit slepeoppdrag inn mot Hjelmeland, men elles driv me med avlusing av oppdrettsfisk, fortel Rebnor.

Viss eit oppdrettsanlegg har meir enn 0,2 kjønnsmoden lus per fisk, som er grensa nå på vårparten, går alarmen. Er det ein av Mowis lokalitetar langs rogalandskysten det gjeld, er det gjerne Frøy Merlin som kjem for å ordne opp.

– Me pumpar laksen inn i ein trommel med vatn som held frå 28 til 33,9 grader. Då slepp lusa taket, fortel Rebnor.

Båten kan handtere 300 tonn fisk i timen.

– All lusa blir samla og destruert, seier Rebnor.

Omstridt metode

Metoden har vore omstridd sidan heller ikkje laksen likar det varme vatnet. Mattilsynet har godkjent såkalla termisk avlusing inntil vidare medan dei ventar på meir forsking.

Mowis næraste anlegg til Judaberg er Djupevik, i sjøen utanfor Reilstad. Status i begynninga av mai var at anlegget var tømt for fisk, ifølgje nettsida BarentsWatch.no.

Frå starten av mai var det fisk i fleire anlegg rundt Ombo og Sjernarøyane, men lite eller ingen fisk i anlegga rundt sjølve Finnøy og lenger sør i Rennesøy kommunedel, viser kartet til BarentsWatch. BarentsWatch er underlagt Nærings- og fiskeridepartementet.

Kart over oppdrettsanlegg i Ryfylkebassenget som viser status andre veka i mai. Blå prikkar viser anlegg der det for tida er fisk. Raudt areal er område der det er påvist virussjukdomen infeksiøs lakseanemi (ILA). Brunt areal er område som blir halden under oppsikt for å sjå etter ILA.

Om bord på avlusingsbåten som ligg til kai på Judaberg er dei åtte mann, fortel kaptein Øyvind Rebnor:

– Me jobbar fire veker på og fire veker av. Mowi er ein god arbeidsgjevar, seier Rebnor før han går inn att til middag.

I Stavanger kommune er det 22 lokalitetar for oppdrettsfisk, ifølgje BarentsWatch. Maksimalt tillate biomasse i desse anlegga til saman er 73.530 tonn, som utgjer 500 kilo sjømat for kvar innbyggjar i Stavanger.

Avlusingsfabrikken på akterdekket der fisken blir leia inn i ein trommel med varmt vatn.