Har diskutert gratis båt og buss: – Usikkert om me greier det til 1. juli

Stavanger kommunen har to veker på seg til å finne ut kor raskt det er mulig å innføre gratis kollektivtrafikk.

Publisert: Publisert:

Fleirtalspartia i Stavanger gjekk måndag høgt ut på banen og lova gratis buss, båt og tog frå 1. juli for alle folkeregistrerte innbyggjarar i Stavanger kommune.

Fredag har kommuneadministrasjonen vore i møte med Rogaland fylkeskommune og deira selskap Kolumbus, som har det faktiske ansvaret for å drifte bussane og hurtigbåtane.

– Me har bede fylkeskommunen om hjelp til å greie ut gratis transport, seier Leidulf Sjørestad, direktør for bymiljø i Stavanger kommune.

– Me veit enno ikkje om det er praktisk mulig å innføre dette innan 1. juli, men me skal sjå på det. Me har ein frist til 13. juni med å lage ei innstilling, legg han til.