Marathon-feber blant spreke karar i øyane

Fire frå øyane reiser på marathon-løp denne månaden. I slutten av månaden set to frå Rennesøy kursen mot Berlin Marathon, og alt komande helg reiser to frå Fogn til halvmarathon i København.

Torbjørn Høie (t.v.) og Jarle Bjerga frå Rennesøy trenar ein gong i veka på løpebanen på Sentralskulen.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

RENNESØY: Jarle Bjerga og Torbjørn Høie frå Rennesøy skal saman springa Berlin Marathon søndag 25. september. Dei to kompisane er habile marathonløparar, med fleire heil- og halvmarathon i inn – og utland bak seg.

Blod på tann etter Ryfast-løp

Etter at Jarle Bjerga fekk «blod på tann» i Ryfastløpet i 2019, har ambisjonen vore å fullføra eit marathon-løp på under tre timar før fylte 40.

– Det var Ryfast-løpet som fekk meg i gang med litt meir seriøs springing. Eg var heldig og opplevde rask framgang, og blei stadig meir motivert. Det har etter kvart resultert i ein del marathon-løp. Ettersom eg har ein stillesittande jobb kjenner eg at å springa gjer meg godt, både i kroppen og i hovudet, seier Bjerga til Øyposten.

Torbjørn Høie (t.v.) og Jarle Bjerga er erfarne marathon-løparar.

Torbjørn Høie hadde sin fyrste heilmarathon i London i fjor.

Tidlegare i sommar deltok begge på ultramarathonet «Lysefjorden inn», som er 62 kilometer i terrenget langs heile Lysefjorden.

Jarle Bjerga kom i mål på åtte timar og 30 minutt, mens Torbjørn Høie brukte 10 timar og eit kvarter.

– Det var faktisk ikkje så hardt som det høyrest ut. Tempoet er lågare, me gjekk opp dei brattaste bakkane og det var matstasjonar undervegs. Me kjem kanskje til å gjera det igjen, ikkje for å «persa» nye rekordar, men mest for opplevinga si skuld, seier Høie.

Må til Finnøy for å trena

– Kor mykje tid bruker de på trening i veka?

– Akkurat nå, på det mest heftige fram mot Berlin, trenar me mellom fem og seks dagar i veka, enkelte dagar blir det doble økter. Me prøver å variere litt mellom asfalt, terreng og bane. Men det er litt spesielt akkurat nå i oppkøyringa, seier Jarle Bjerga.

Kvar tysdag kveld køyrer dei frå Rennesøy til løpebanen på Sentralskulen på Finnøy for å trena. Rundt og rundt i éin time.

– Kvifor til Finnøy?

– Det er fordi banen her er det næraste me kjem til ein «forrektige» løpebane. Dekket er god,t og det er lys på banen om kvelden, seier Torbjørn Høie.

– Kva er forventningane i Berlin?

– Mitt mål er å fullføra under tre timar og tredve minutt, slår Torbjørn Høie fast.

– Eg held meg til ambisjonen om å fullføra under tre timar blank, seier Jarle Bjerga.

Publisert: