Ventar snarleg avklaring om skotpremie på mink
Minkfangsten på øyane ligg i dvale medan fangstfolk ventar på mulig tidobling av skotpremien.
Utval for miljø og utbygging i Stavanger kommune vedtok i vinter å auke skotpremien frå 100 til 1000 kroner for mink felt i kommunedelane Rennesøy og Finnøy. Utgangspunktet er at minken er ein framand art som gjer stor skade på naturleg fauna.
I vår var det venta at finansieringa skulle kome på plass i kommunestyrets junimøte, men det heile koka bort i saka om gratis kollektivtransport. Naturforvaltar Vegard Ankarstrand i Stavanger kommune seier at saka ikkje er gløymt.
Løysing i august
– Me må finne ei finansiering innanfor eksisterande budsjett og få ei avklaring i løpet av august, seier Ankarstrand.
Han reknar med at den auka skotpremien vil bli realisert.
Kommunen har allereie laga reglar for korleis skotpremien skal administrerast. Blant anna skal all mink leverast til innbyggarservice på Judaberg, står det på kommunens nettsider.
Ligg på vent
Atle Landa på Finnøy er ein erfaren minkjeger, og han er ein av fleire som hadde tenkt å bli med i aksjonen for å få ned minkbestanden.
– Enn så lenge har eg ein gå sakte-aksjon, seier Landa:
– Eg har ikkje sett ut feller ennå. Me ventar på ei avklaring om skotpremien.
Han har tidlegare jakta mykje med hund, men har nå kjøpt inn nokre feller som følgje av den annonserte tidoblinga av skotpremien.