Fredag startar hjortejakta – har samla øyane i ein plan
Hjortevalda i Finnøy og Rennesøy har fått større fridom under ansvar.
Fredag 1. september startar hjortejakta. Alle hjortevalda i Stavanger kommune er i år samla i ein felles bestandsplan.
– At me har fått til dette er utruleg tøft, seier naturforvaltar Vegard Ankarstrand i kommunen:
– Grunneigarane har fått større ansvar. Dei skal nå styre avskytinga sjølv innanfor ein femårig avskytingsavtale.
Åtte vald
I år er det òg opna for hjortejakt på Halsnøy slik at det til saman er åtte vald i kommunen. Klart størst er Ombo viltlag, som i fjor stod for 75 prosent av alle hjortefellingar i Stavanger.
Her er fordelinga på skotne hjort under jakta i fjor:
Hjortevald | Felte dyr 2022 | |
---|---|---|
Ombo viltlag | 124 | |
Rennesøy hjortevald | 17 | |
Finnøy hjortevald | 16 | |
Fogn hjortevald | 3 | |
Mosterøy Hjortevald | 3 | |
Bjergøy hjortevald, Dyrnes | 1 | |
Fogn, Hovda hjortevald | 1 | |
Sum | 165 |
– Eit overordna mål er å stoppe bestandsveksten for hjort. Då gjelde det å skyte masse ungdyr, det vil sei kalv og halvtannaåringar, seier Ankarstrand.
– Hjortevalda i Stavanger har fri kvote på hjortekalv, legg han til.
Godkjent ettersøk
Ankarstrand strekar under at alle som jaktar hjort må ha avtale med ein godkjent ettersøkshund.
– Me har hatt eit par stygge tilfelle med dette tidlegare. Godkjent ettersøkshund er viktig for å finne att alle dyr som blir skotne, seier Ankarstrand.
Hjortejakta startar 1. september og varar fram til og med lille julaftan 23. desember.