Odd Karsten Tveit hadde med seg den nyaste boka si til Finnøy bibliotek. Foto: Silje Talgø Klakegg

Dei 70 billettane blei rivne bort på ein augeblink då dei blei tilgjengelege. Fleire møtte opp og vona å finne ein ledig stol sjølv om dei ikkje hadde fått tak i billett. Då klokka blei 12, hadde Finnøy bibliotek klart å finne ein plass til alle dei frammøtte, og Odd Karsten Tveit entra lokalet.

Tveit kjem opphavleg frå Stavanger. Han fortalde at han var på Finnøy i ungdommen, og at det var kjekt å vere tilbake. Publikum fekk eit lite blikk inn i korleis han enda som utanrikskorrespondent for NRK.

Det var eigentleg oljeekspert han var. Men då sommaren kom i 1978 blei han spurd om å reise til Sør-Libanon for å rapportere. Då oppdaga han at kartet ikkje stemte med terrenget, og interessa for Midtausten var vekt.

Gud og FN

Han vaks opp med sanninga om at Israel var eit land gitt av Gud og FN, og då han sjølv begynte å grave, oppdaga han at ikkje alt han hadde lært var riktig.

– Då eg begynte å arbeide med denne tematikken, var det ei spørjeundersøking blant nordmenn som fastslo at 80 prosent støtta Israel, medan berre 20 prosent støtta Palestina, seier han:

– I dag er nok tala litt annleis. Boka mi er ikkje noko eg har funne opp sjølv. Alt eg skriv om, kan dokumenterast, og mykje av informasjonen kjem frå Israelske kjelder. Stadig fleire israelarar har sjølv begynt å søke sanninga i konflikten.

Holocaust har nok sett sine spor i historia, men for Tveit meiner at dette likevel ikkje kan forsvare uretten palestinarane har vore utsett for.

– I dag fortel eg kortversjonen. Nyansane kan du lese om i boka, seier han. Konflikten er ikkje ferdig forklart på 45 minuttar.

Det var fullt hus i Finnøy bibliotek onsdag formiddag. Foto: Silje Talgø Klakegg

Jødar og sionistar

Han fortel om den viktige forskjellen mellom jødar og sionistar. Jødedomen er ein religion. Sionisme er ein politisk retning som tar utgangspunkt i påstanden om at jødane må ha sin eigen stat for å vere trygge. Denne teorien skaut fart på 1800-talet. Jødane blei forfølgt i mange land.

– Sionistane var tidleg i gang med eit stort kolonistisk prosjekt for å skape ein eigen jødisk stat. Dette har vore arbeidd med lenge før Israel blei danna. Både Uganda og Madagaskar har vore foreslått. Etter 2. verdskrig var britane krigstrøytte og bad FN, med norske Trygve Lie i leiinga, om å ta ansvar for å skape den israelske staten. Den plasserte dei i Midtausten.

Tveit fortel om hemmelege møter mellom Lie og sionistar i New York. Desse har han god dokumentasjon på.

– Palestinarane har vore utsett for store svik, blant anna frå Norge. Også då Oslo-avtalen blei skriven under på, for denne avtalen var ein katastrofe for Palestina, seier han.

– Eg var naiv nok til å tru at Israel ville gi land tilbake til Palestina, men det gjorde dei ikkje. Den norske stat såg at det begynte å gå gale, men dei gjorde ikkje noko med det. Det er eit stort svik.

Fordømer angrep

Han er likevel tydeleg på at han fordømer Hamas sitt angrep på Israel.

– Det var eit folkemord, seier han:

– Men det har vore andre folkemord og brot på menneskerettane. I 1982 var eg på besøk i ein fangeleir, og der såg eg ein 90 år gammal mann som låg daud på bakken med augo stukke ut. Han var kledd i pysjamas. Den mannen hadde vore på flukt sidan 1948, då han saman med 750.000 andre palestinarar blei jaga frå sitt eige land.

Det blei påstått at palestinarane valde å flykte sjølv, men dokumentasjon som Tveit har gått gjennom frå den tida, viser at dette ikkje stemmer.

– Eg har gått gjennom kvar einaste radiosending som var sendt, og det er ingenting som fortel at dei reiste frivillig.

Han har blitt kjend med mange menneske under reisene sine.

– Min jobb har vore å grave for å finne ut kva som eigentleg har skjedd. Det er mange rykte. Eg høyrde til dømes eit rykte om at sionistar hadde forsøkt å forgifte vatnet i Palestinske landsbyar, men utan å kunne bevise det, kunne eg ikkje gå ut og kalle det sanninga. Alt må dokumenterast, helst med fleire kjelder.

Fleire land

Han fortel om krigen som starta i 1967, då ein trudde at Israel berre forsvarte seg mot angrep frå Syria og Egypt.

– Sanninga er at sjølv om dette blei snakka om, ville landa aldri gått til angrep. Dei hadde ikkje våpen nok. Sanninga er at Israel gjekk til angrep utan å vere truga. Israel begynte på 1950-talet å ta til seg store landområde, og dei politiske leiarane i landet ønskja stadig ekspansjon av sin eigen stat.

Han lurer på om denne konflikten kan vere ei svart svane. Han forklarer kva han meiner med det:

– I si tid trudde ein at alle svaner var kvite. Så var det ein nederlandsk forskar som plutseleg fann ei svart svane. Derfor er dette blitt eit symbol på at ting som er umogleg, kan vise seg å vere mogleg.

Ingen aktivist

Han er ingen aktivist, men ein gravande journalist som skal skildre sanninga, uansett kven som kjem best ut or det når svaret kjem. Det er han tydeleg på. Dette er ikkje hans historier. Han har gjennom mange år samla på ord, sitat, legender, inntrykk og historier i små, svarte notatbøker.

Han har prata med forskarar og menneske som lev midt oppi konflikten, til dømes med Amira Hass, som var israelsk sionist og som valde å busetje seg i eit okkupert område for sjølv å sjå korleis tilstandane er for palestinarane.

Han har prata med israelske militære som ikkje støttar krigen, men som likevel vel å bli med. Alternativet er å bli drepen.

– Mange er redde for eit fascistisk styre der meiningsmotstandarane blir rydda or vegen, seier han, og fortel om ein israelsk flygar som berre ville delta i forsvarskampar, og som enda med å bli utstøytt.

Odd Karsten Tveit tok seg tid til å signere bøker etter foredraget. Foto: Silje Talgø Klakegg

Mange menneske

Boka til Odd Karsten Tveit er, ifølgje han sjølv, den mest personlege han har skrive. Journalisten kjøpte seg ei bok, og har i løpet av ettermiddagen blitt invitert inn i groteske scenar som finn stad i flyktningleirane. Dei 750.000 menneska som måtte flykte då staten Israel blei oppretta, er fleire menneske enn i heile Stavanger kommune.

Han fortel også om korleis Hamas enda med mykje makt, og her hadde Israel sjølv ei stor rolle. Dette står det meir om i boka.

– Sanninga om 7. oktober vil ikkje bli kjend før om 30 år, seier Odd Karsten Tveit:

– 7. oktober er ei blodtåke. Ein skal ha god fantasi for å tru på røynda. Eg har reist mykje i konfliktområda, og sjølvsagt har eg vore redd. Men mitt mandat er å finne sanninga.