Talgje kyrkje er blant kyrkjene som kan få pengar til vedlikehald av kyrkjebevaringsfondet. Foto: Silje Talgø Klakegg

Dei har vedtatt å opprette eit kyrkjebevaringsfond som vil gi middel til å ta vare på de frede og verneverdige kyrkjene våre i generasjonar framover. I årene som kjem vil staten bruke over 10 milliardar kronar til dette formålet.

Det takast sikte på at første utlysing kan skje allereie til sommaren.

For å sikre at det er kyrkjene med størst vedlikehaldsbehov og størst kulturhistorisk og kyrkjeleg verdi setjast i stand først, vil det – basert på kunnskap om bl.a. kyrkjebyggas tilstand – bli sett i verk ei prioritering av når dei ulike kyrkjene inviterast til å søkje.

De nærmare detaljane om dette vil gå fram av bevaringsstrategien når denne leggjast fram og forslaget til tilskotsordning som sendast på høyring.

Neste veke vil Barne- og familieministeren legge fram bevaringsstrategien, som vil peike ut ei retning for korleis disse pengane skal prioriterast og forvaltast.

961 kyrkjer er omfatta av programmet – det vil seie at dei anten er freda eller listeført av Riksantikvaren som verneverdige. I øyane gjeld dette følgjande kyrkjer:

  • Askje kyrkje, Mosterøy ligg i Mosterøy sokn i Stavanger kommune.

  • Hesby kyrkje ligg i Hesby sokn i Stavanger kommune.

  • Sjernarøy kyrkje ligg i Sjernarøy sokn i Stavanger kommune.

  • Sørbø kyrkje ligg i Rennesøy sokn i Stavanger kommune.

  • Talgje kyrkje ligg i Talgje sokn i Stavanger kommune.

  • Utstein Kloster kyrkje ligg i Mosterøy sokn i Stavanger kommune.