Mabda Service Bygg AS melde sjølv opphøyr til Sør-Rogaland tingrett.

Selskapet blei stifta 15. november 2022 og har drive med renovering av bustader. Firmaet har hatt fleire tilsette. Eigar og drivar har vore Nicolae Emanuel Mabda på Judaberg.

– Alt har blitt så dyrt og kundane betalar dårleg timepris. Samtidig har det blitt vanskelegare å ha nok folk på jobb, seier Mabda til Øyposten.

Firmaet har hatt base på Finnøy, men har hatt anslagsvis 90 prosent av oppdraga i byen, fortel han.

Mabda driv òg enkeltpersonføretaket Mabda Service, som driv med måling, fasadevask, drenering og slike ting. Mabda Service blei stifta i 2019.

Bustyrar for konkursbuet til Magda Service Bygg er Lars Kåre Pedersen.

– Eg har ikkje fått oversikt over gjeldssituasjonen ennå. Første skiftesamling blir 22. mars, fortel Pedersen:

– Eigar fortel at det har vore ein vanskeleg marknad, og at det blei vanskelegare å leige inn arbeidskraft etter at myndigheitene i fjor stramma inn reglane for midlertidige tilsettingar.

Frist for å melde inn krav i buet er 14. mars, går det fram av kunngjeringa frå Brønnøysundregistera.