-Gang- og sykkelveg til Ladstein ute av fylkesplanen
Gang- og sykkelveg til frå Nådå til Ladstein er ute av fylkesplanen, opplyser Henrik Halleland. Han meiner difor at vedtaket om bygging av gang- og sykkelveg frå Fåhadlet til Nådå, bare er ei halv glede.
FINNØY: -For all del, det er svært gledeleg at det første strekket til Nådå blir bygd, understrekar Krf-politikaren overfor Øyposten.
-Men planen om å føra denne viktige trafikksikringa vidare frå Nådå til Ladstein er nå kort og godt forsvunne ut av handlingsplanen som fylket snart skal vedta. Då blir det litt rart at fylkespolitikarar slår fast at dette er «ei gladsak», meiner Halleland.
Han legg til at han via Stavanger Krf vil prøva å påvirka fylkespolitikarane til å ta strekket inn igjen, og vil også jobba opp mot Stavanger kommune.
-I vårt alternative budsjett for Stavanger har me lagt inn regulering av dette strekket, opplyser Halleland, som peikar på at det både er viktig for å sikra gåande og syklande langs vegen, og for å få fart på utbygging i Reilstad-området.
-Det er ikkje nødvendig å byggja gang og sykkelveg heilt til Ladstein, til avkjørsla til Reilstad er nok. Då er det snakk om ca 900 meter, seier Henrik Halleland.
Nestleiar i samferdselsdutvalet, Reid Ivar B. Dahl (krf) stadfestar at planen for gang- og sykkelveg vidare til Ladstein er ute av forslaget til ny handlingsplan for fylkesvegar.
-Kvifor?
-Den gamle planen var alt for urealistisk, og ei rekke prosjekt er tatt ut av den nye for at den skal vera meir realistisk. Men dette strekket er viktig, og Krf vil vurdera om det er mulig å få det inn igjen, opplyser Dahl.
Handlingsplanen for fylkesvegar skal endeleg avgjerast i fylkestinget i midten av desember.