Ap vil endra navn frå kommunedel til bydel

Stavanger Ap foreslår å byta ut ordet kommunedeler med bydeler. Gruppeleiar for Ap i kommunestyret, Dag Mossige vil likevel la «kommunedelane» sjølv bestemma kva dei skal heita.

Ottar Sandanger (t.v.), Hanne Vasshus, Jon Olav Runestad og Inger Auestad Havn var samla for å diskutera partiprogrammet søndag.
Publisert:

FINNØY: Det er i forslaget til partiprogram for neste års kommuneval, at Stavanger Ap foreslår at «kommunedel» skal byta navn til «bydel».

-Me har fått ein del tilbakemeldingar om at kommunedelsutval verkare ganske tungvindt og ikkje blir forstått i byen, seier Mossige til Øyposten.

Men han presiserer at han ikkje ser for seg å tvinga nokon til å endra navn frå kommunedel til bydel.

-Det må bli opp til den enkelte kommunedel, understrekar Dag Mossige.

Partiprogrammet skal vedtas på medlemsmøte denne veka, og Mossige er spent på debatten om mellom anna dette punktet.

-Vil Ap også at det skal heita bystyre og bystyresal også?

-Nei, det ligg ikkje inne i programmet vårt. Det skal fortsatt heita kommunestyre, opplyser Dag Mossige.

I helga var det samling i Finnøy Arbeiderlag for å diskutera programmet. Der blei det mellom anna vedteke å prøva å få inn ei formulering om Øyfast, som i utgangspunktet ikkje ligg inne i programmet.

Når det gjeld forslaget om å endra navnet frå kommunedeler til bydeler, er det sprikande oppfatningar.

Ottar Sandanger peikar på at Stavanger er Norges fjerde største by, og at det kanskje er naturleg å skifta navn frå kommunedeler til bydeler.

-Det plagar ikkje meg, seier Sandanger.

Hans sambygding og partifelle Jon Olav Runestad er av ei anna oppfatning.

-Det vil vera uklokt om Finnøy til dømes skal vera ein bydel i Stavanger. Me er alt blitt straffa med auke i arbeidsgjevaravgifta for å vera med i Stavanager kommune. Eg trur heller ikkje det er så lurt i forhold til at Stavanger skal fri til andre kommunear om å bli med i «storkommunen», meriner Runestad.