Biskop Anne Lise Ådnøy avslutta visitasen i Sjernarøy-kyrkja

Det var nærast fullsett kyrkje då biskop Anne Lise Ådnøy avslutta visitasen i Finnøy kommunedel med gudsteneste i Sjernarøy kyrkje.

Det var nærast fullsett Sjernarøy-kyrkje under visitasgudstenesta til biskop Anne Lise Ådnøy.
Publisert: Publisert:

SJERNARØY: Det kom folk både frå Finnøy, Fogn, Halsnøy og Stavanger i tillegg til frå Sjernarøy til visitasgudstenesta.

Korgruppa frå «Ung kirkesang» løfta gudstenesta med vakker sang, og preika stod biskopen sjølv føre.

Ådnøy kom mellom anna inn på krigen i Ukraina.

-No er det haust i det Herrens år 2022. Me trudde vel ikkje krig var aktuelt i vår
kulturkrets. Vamp sin song om Tirna Noir dukkar opp fleire plassar: «Det er
mørk november».

Me kan stira oss blinde på det som er mørkt og uroar, men
kallet frå Jesus er annleis. Me er kalla til å dela evangeliet, den glade bodskapen. Me kan vera ein del av håpet i verda i denne vonde tid. Dersom me er vakne og lyder han som Gud har salva til konge, sa ho mellom anna.

Både biskop Ådnøy sin veremåte og preika blei godt motteke av dei Øyposten snakka med.

Sokneprest Ola Aasland Vold, biskop Anne Lise Ådnøy og prost Tomas Mjelde Røsbak deltok under gudstenesta.

Framstod varm og nedpå

-Ho verka som ein veldig lun og varm person, seier Anna Lena Nedrebø.

-Besøk av biskopen har sjølvsagt noko høgtidleg over seg, men eg opplevde henne som veldig nedpå og alminneleg, legg ho til.

Ho syntes og gudstenesta var fin, sjølv om det nok blei litt langtekkeleg for yngstejenta, Line Sofie, som ho hadde med seg.

-Det var også veldig interessant å høyra kva ho hadde opplevd under visitasen sin i Finnøy, seier Anna Lena Nedrebø.

Etter gudstenesta var det tid for kyrkjekaffi. Biskop Ådnøy skjenkar i koppen til Turid Øygard frå Stavanger.

Tydeleg budskap

Anne-Lise Nærland frå Finnøy syntes biskopen var flink å snakka og kjekk å høyra på.

-Det var også gildt å få helsa på henne. Eg hugsar godt svigerfaren, Enok Ådnøy, som var prest i Hetland menighet, seier Nærland, som likevel ikkje er enige i kyrkja sitt syn på homofile.

-Men me kan ikkje dømma nokon, me må godta at slik er det, seier ho.

Leif Inge Eike frå Halsnøy var også til stades under visitasen.

-Eg synes ho er flink, og hadde eit tydeleg budskap. Det var ein veldig god tale ho heldt. Og dei to konfirmantane som deltok var også flinke, seier Eike, som tykkjer det er ein fin skikk med å tenna lys til minne om dei som er gått bort.

Det blei gjort under gudstenesta, kor det også var nattverd og kyrkjekaffi etterpå.

Anne-Lise Nærland syntes det var kjekt å få helsa på biskopen.