Brøytemannskapa i øyane ser ut til å få nok å gjere dei neste dagane.

Ifølgje varselet skal det snø jamt tysdag og torsdag, medan det skal kome litt snø onsdag og fredag. Så skal det slå om til mildvær og regn.

Tysdag morgon er det snødekte og glatte vegar, men Øyposten har ikkje fanga opp at det har vore trafikkulykker. Politiet har ingenting å melde frå Finnøy og Rennesøy.

Rørheims Bilruter, som køyrer skulerutene i Finnøy, har heller ikkje registrert ulykker:

– Så lenge det er minusgrader, så går det greitt for bussane i alle fall. Men det er ein fordel å ta det roleg og senke farten, seier køyreleiar Ole Henry Asheim.

Med omslaget til mildvær og regn som er varsla til helga trur Asheim det kan bli farlegare glatt.

Værvarsel for Finnøy dei neste dagane. Foto: Yr.no