– Målet er at Talgje skal vere fritt for mink før hekkesesongen startar til våren, seier Øyvind Nesheim.

Han er profesjonell minkjeger som jobbar på oppdrag frå Statens naturoppsyn og Statsforvaltaren. I haust har han vore mykje på øya heilt sør i Finnøy kommunedel.

– Eg starta i oktober og har tatt ut tolv mink så langt, dei fleste for hund. Eg tippar at det er åtte til ti mink igjen, seier Nesheim.

Tiltaket er i regi av Statsforvaltaren i Rogaland. Målet er å verne fuglelivet på Talgje. Ein mink er nok til å rydde bort det som er av til dømes terneungar på ein holme.

At mink gjer det utriveleg for fuglar å hekke i øyane, har blitt sett som ei mulig forklaring på kvifor blant anna så mange fiskemåker vel å hekke på hustak i byen.

Snart startar paringstida for mink, og då har Nesheim erfaring med at dei lettare går i feller. Han har godt håp om å kome i mål.

Stavanger kommune har varsla at dei om kort tid vil auke skotpremien på mink frå hundre til tusen kroner. I høve dette vil Nesheim ha eit kurs i minkfangst på Judaberg innbyggartorg måndag 15. januar frå klokka 18 til 20.

Kart som viser Talgje: