Mykje liv og røre på Skartveitvatnet på Halsnøy. Foto: Ragnhild Hartvedt

Mot helga vil temperaturen få eit oppsving. Det kan også kome litt regn. Søndag ettermiddag startar ein ny kuldeperiode, og dette kan i ein overgangsperiode føre til glatte vegar i øyane, melder vakthavande meteorolog Stine Sagen.

– Det gjelde å nyte finvêret fram mot helga, for neste veke vil det bli overskya. På tysdag kan det bli snø, seier ho.

– Temperaturane i Finnøy og Rennesøy blir nok ikkje veldig låge samanlikna med andre deler av landet, og vil nok ligge på rundt 3 minus.

Det har vore ulike utfordringar knytt til kuldeperioden som har vore. I Østhusvik var det ei bilulukke som følgje av underkjølt regn i romjula, og Byfjordtunnelen måtte stengjast ei stund den 5. januar på grunn av istappar som måtte fjernast.

Finnøy skule opplevde også vasslekkasje og straumbrot som følgje av frosten som har vore.

Samstundes er det mange som har gleda seg over skøyteisen som kjem med kulda. På Lauvsnesvatnet blei isen måla til 23 centimeter på onsdag. På Vikestemmen er isen 20 centimeter tjukk. Det er desse vatna i øyane som blir måla av kommunen.

Frå Halsnøy melder Sissel Marie Bjerga at det er full fres på Skartveitvatnet.

– Det er full rulle med skøyter, musikk og belysning kvar kveld, seier ho til Øyposten.