Tove Rosland driv Kaihuset som gjer det godt om dagen. Foto: Silje Talgø Klakegg

Tove Rosland på Kaihuset er nøgd med aktiviteten om dagen.

– Det er nok litt rolegare enn resten av året, men eg ryddar og sel ut garn som skal ut av sortiment. Så no kan du gjere eit godt kjøp, seier Rosland.

– Eg nyttar også den litt rolegare tida til vareteljing.

I tillegg til å vere garnbutikk, sel Kaihuset interiørgjenstandar, litt barneklede og leiker. Kafé er det forresten også. Det er både gongkake og vaniljehorn å få kjøpt, og desse kan nytast i kafeen saman med ein kopp kaffi, eller takast med heim.

På Det gule hus er det roleg for tida.

– Det er mange standplassar ledig akkurat no, så skal du selje unna klede eller ting, er det lurt å booke stand. Eg håper det tar seg opp med kundar som kjem innom etter kvart, for i januar har det vore færre kundar enn vanleg.

I butikken er det mogleg å kjøpe alt frå leiker til interiørgjenstandar til klede. Det meste er brukt, men i blant går det an å få kjøpt noko nytt som folk vil selje.

– Eg har også kaffi, så om du berre vil kome innom for ein prat, er du sjølvsagt velkomen til det.

Det er nok kaffien og praten Martin Flesjå å kome innom for å få.

– Det er ein kjekk møtestad, seier han.

Cindy Falkeid set pris på at Martin Flesjå tek turen innom butikken. Foto: Silje Talgø Klakegg