Utdanningssenteret i Ryfylke får 2,3 millionar
Dette er gode nyheiter for etablering av utdanningssenteret i Ryfylke, og i tråd med søknaden frå Ryfylke IKS.
- Oddbjørg Måland
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har løyva 1,8 millionar kroner og Rogaland fylkeskommune 500 000 kr.
Gjennom MOR (Motivasjon, Opplæring og Rettleiing) vil regionen halda fram arbeidet for å løfta den formelle kompetansen hjå dei som bur i distrikta og å trygge arbeidslivet sine behov for kompetanse gjennom lokale løysingar.
Planlagde studie
- Ein god start og viktige løyvingar for Ryfylke, seier Asbjørn Birkeland, rådsordførar i Ryfylke og ordførar i Sauda kommune i ei pressemelding. Han ventar seg ei permanent ordning for drift av utdanningssenteret.
Midlane son no er løyva skal nyttast til dei studia som er under planlegging eller som skal starta opp i Ryfylke nå. I tillegg til å førebu oppstart av eit permanent studiesenter.
Studia det gjeld er:
- Den blå åker – havbruk (60 stp)
- Marknadsføring og kommunikasjon (60 stp)
- Sjukepleie (180 stp)
- Fagskule helsefag innan sansestimulering (60 stp)
- Fagskule innan IT, digitalisering og robotisering (60 stp)
Pilotprosjekt
Birkeland fortel at regionen må bidra til å dekke dei behov arbeidslivet og folk i Ryfylke har, utan å måtte reise til ulike campusar omkring i Noreg. Eit regionalt utdanningssenter vil vera i tråd med FN sine berekraftsmål, som peiker på at folk uavhengig av bustad skal kunne ta del i utdanningstilbod, og gje arbeidslivet høve til utvikling og økonomisk vekst. Desse måla vil og fremja sosial rettferd og bidra til å utjamna ulikheiter mellom by og land.
Birkeland fortel óg at Ryfylke er med i det nasjonale kompetansepilotprosjektet, som bidrar til arbeidet, og det er inngått samarbeidsavtalar med fleire om korleis optimalisera arbeidet. Desse er m.a:
• Høgskulen på Vestlandet
• Universitetet i Stavanger
• AOF Fagskulen
• Fagskolen i Rogaland