Ueland forberedt på mange spørsmål i kveld
Leiaren av samferdselsutvalet i fylket kjem på sitt første besøk til Innbyggartorget på Finnøy i kveld for ein «uformell prat» med publikum klokka 18.00. Ueland er forberedt på å få mange spørsmål.
FINNØY:
-Eg håpar og trur at det blir ein triveleg kveld, seier Ueland til Øyposten. Han stiller på Innbyggartorget på Judaberg i dag, for å snakka om det brennbare temaet "trafikksikkerhet på Finnøy" saman med Rune Askeland, leiar i utval for miljø og utbygging i Stavanger kommune og leiaren av kommunedelsutvalet, Birger Hetland.,
Sjølv om ramma rundt er uformell og hyggeleg, er Ueland forberedt på mange spørsmål.
-Eg reknar med det kjem spørsmål både om Øyfast, gang- og sykkelveg på Finnøy og hurtigbåtruter, seier Ueland til Øyposten.
-Trur du det kjem mykje folk?
-Eg har i alle fall truffe fleire som seier dei skal dit, svarar Ueland.
Møtet begynner klokka 18.00, og varer fram til klokka 20.00, og Bygdakokken vartar opp med clubsandwich med kylling.