Gruppeleiar i Ap, Dag Mossige.

STAVANGER: -Det er eit forslag eg vil åtvara sterkt imot, seier gruppeleiar for Ap i kommunestyret, Dag Mossige til Øyposten.,

Planen for nybygget kjem opp i formannskapet torsdag, og der kjem Frp til å leggja fram forslag om å lysa sjukeheimen ut på nytt anbud. Bakgrunnen er at kostnadane med nybygget til sjukeheimen på Judaberg nå er kome opp i nesten 260 millionar kroner, mot vel 120 millionar kroner som var utgangspunktet for to år sidan.

-Det er rimeleg drastisk å leggja bygginga ut på nytt anbud. Nybygget til sjukeheimen er sterkt etterspurd og etterlengta, og me kan ikkje risikera ein utsettelse her. Me treng fleire sjukeheimsplassar, ikkje minst i Finnøy, seier Mossige vidare.

Gruppeleiaren i Ap er spent på om Frp klarer å lokka fleire i opposisjonen med på forslaget, noko han ikkje håpar.

-Eg har vore på sjukeheimen på besøk, og sett at det stort behov for eit nybygg. Det kan eg garantera at det politiske fleirtalet vil gå for. Eit nybygg vil både bety meir effektiv drift og betre forhold, både for bebuarar og tilsette, meiner Mossige.

-Frp meiner at sjukeheimsbygget nå er blitt så dyrt at det er på tide å setja foten ned og tenkja seg om?

-Det er ikkje sikkert at prisen går ned viss me lyser nybygget ut på nytt anbud. Det går også fram av kommunedirektøren sitt notat.  Når anbudet blei delt opp i fleire enkeltoppdrag, slik tilfelle var her, så hadde det ein hensikt. Det var for å gjera det mulig for lokale firma i øyane å delta i konkurransen. Me må sjølvsagt ta lærdom av det som har skjedd, men dette går me for, lovar Dag Mossige.