Over heile landet blir det klesbytedag på laurdag. Her på innbyggartorget blir det i Finnøy. Foto: Arkiv

FINNØY:

Klesbyttekonseptet er enkelt: Finn fram opp til sju fine, heile og reine plagg du ikkje lenger har behov for. Møt opp på innbyggartorget på Judaberg fyrstkommande laurdag frå klokka 1000 for innlevering av klede. Sjølve bytinga startar klokka 1200, og då må alle kleda vera hengt opp og klare til byting.,

Den store klesbytedagen er eit nasjonalt anliggande og er Naturvernforbundet sitt bidrag inn til Frivillighetens år, som er i år. Over heile landet blir det arrangert klesbytedagar på laurdag i forskjellige variantar. Mange vil setta sitt eige preg på dagen, men felles for alle er eit ønskje om at kleda skal brukast litt lenger.

Naturvernet seier at viss me bruker kleda dobbelt så lenge, vert klimautsleppet halvert. Difor er blant anna reparasjon eit viktig klimatiltak. Den mest miljøvenlege garderoben er den du allereie har, eller den du byter til deg.